Optimal kjemi
Operaorkesteret har sjeldan spelt Mozart så bra som under Alessandrini.
I 2009 gav Operaorkesteret ut eit utmerkt album med Mozarts operaouverturar.
Foto: Jorg Wiesner
Standard-
innspelinga
Wolfgang Amadeus Mozart:
Mozart Overtures
Operaorkesteret; dir.: Rinaldo Alessandrini. Naive 2009
Eg er mellom dei som føretrekkjer å høyra musikk frå eldre epokar bli framført på «originalinstrument», altså kopiar av instrument frå tida musikken blei til i. Når det gjeld renessansemusikk, er det heilt avgjerande. Også i barokk orkestermusikk skal det, når ein nyttar moderne instrument, godt gjerast å få til den transparente klangen og kvikke artikulasjonen som kjenneteiknar barokkinstrument.
I wienerklassisk musikk, derimot (verk frå slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet), kan ei historisk korrekt tolking langt på veg kompensera for bruken av «ukorrekt» instrumentarium: Er dirigenten god nok og orkestermusikarane fleksible nok til å imitera den historiske klangen – med vibratofattige strykarar og smidig artikulasjon i treblåsarane – kan det låta utmerkt. Trass alt er det ikkje instrumenta, men musikarane som får musikken til å klinga.
Dramatisk
Eit godt døme på kor godt wienerklassikarar kan låta når dei blir framførte med moderne symfoniorkester, er albumet som Operaorkesteret i 2009 gav ut med Wolfgang Amadeus Mozarts (1756–1791) operaouverturar. Dirigenten var Rinaldo Alessandrini, ein italiensk cembalist og barokkekspert som Den Norske Opera & Ballett hadde eit fruktbart samarbeid med i oppsetjingar av mange Händel- og Mozart-operaar.
Kjemien mellom dirigent og instrumentalistar må ha vore optimal. Ikkje berre verkar det som om orkesteret klarer å realisera alle dei speletekniske intensjonane til Alessandrini. Det greier òg å få fram dramatikken i det reint instrumentale som eg kjenner frå Alessandrinis innspelingar med italiensk barokkmusikk, der han dirigerer sitt eige tidlegmusikkensemble, Concerto Italiano.
Klangregi
Særleg imponerande er albumet med tanke på at dette var Alessandrinis aller fyrste innspeling med moderne symfoniorkester. Den stramme klangregien, der han får heile musikarapparatet til å røra seg grasiøst og synkront som ein sildestim, høyrer me i sinfoniaen til Figaros bryllaup. Han overdriv ikkje dei dynamiske kontrastane mellom piano og forte (dirigentar med barokkbakgrunn er gjerne i overkant bombastiske når dei tolkar Mozart) og utnyttar nyansar i klangfarge og artikulasjon for å variera uttrykket.
Ouverturen til Tryllefløyta er òg strålande. Partiet med dei tungt seremonielle akkordane i opninga, dei som mange dirigentar ikkje klarer å setja skikkeleg i samanheng med kvarandre (akkordane blir ståande som separate, statiske «klangsøyler»), har hjå Alessandrini driv og puls jamvel i pausane. Fugen som fylgjer, er suveren. Eksentriske betoningar gjev den «lærde» fugeforma eit skjer av komikk – ein forsmak på blandinga av skjemt og alvor som kjem seinare i operaen.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.