Julebukett
Det hev ei rose sprunge på ymse vis.
Michael Praetorius (1571–1621) harmoniserte julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» i 1609.
CD
Michael Praetorius mfl.:
Es ist ein Ros
Dresdner Kammerchor; dir.: Hans Christoph Rademann. Accentus 2021
Teksten og melodien dukka fyrste gong opp i den katolske salmeboka Speyrer Gesangbuch, som blei prenta i 1599. Den ukjende tekstforfattaren byggjer på Jesaja 11,1, der det står at «ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter». Kven som laga tonen, veit me heller ikkje. Men det var den tyske komponisten Michael Praetorius som gjorde «Es ist ein Ros entsprungen» kjend, gjennom si firstemmige koralharmonisering som blei prenta i 1609.
Sidan blei salmen så populær at han mest har fått status som folkemelodi, også i Noreg. Peter Hognestad, biskopen og salmediktaren frå Jæren, omsette han kring 1920, og det er denne nynorske versjonen som i dag er den mest populære.
Vakrast
«Det hev ei rose sprunge» er ein av dei tekstane eg ikkje kan lesa utan at melodien legg seg på røysta, uansett om eg les han høgt eller inni meg. Tekst og tone er blitt eitt, noko som vel fyrst og fremst har med Praetorius’ genialt naturlege tonesetjing å gjera. For meg er han den vakraste julesongen; han kjennest som ein så naturleg del av den norske jula at eg heilt gløymer opphavet for over fem hundre år sidan frå ein stad langt borte.
Dresdner Kammerchors fint musiserte album, som rett og slett heiter Es ist ein Ros, er difor tankevekkjande. Her blir salmen sett i historisk samanheng, både gjennom Praetorius’ eigne verk og stykka til andre komponistar.
Rosekanon
Me må venta til spor seks for å få Praetorius’ originale harmonisering av dei to strofene, som dirigenten Hans Christoph Rademann framfører med ein vri som var vanleg på byrjinga av 1600-talet, altså i overgangen mellom renessanse og barokk i musikksoga. Koret syng her ikkje berre a capella. Dei fire vokalstemmene blir styrkte av eit lite instrumentalensemble med orgel, lutt, kontrabass, fire trombonar og zinke (eit blokkfløyteaktig instrument med trompetmunnstykke). Denne instrumenteringa skaper både tydelegare harmoniar og klangleg variasjon.
Ein så distinkt melodi som den til «Det hev ei rose sprunge» kan nyttast på ymse vis, og det er lett å gløyma at Praetorius’ firstemmige versjon verkeleg berre er éin versjon. Melchior Vulpius (1570–1615) – som elles skreiv tonen me syng Anders Hovden-salmen «Fagert er landet» til – laga òg ein variant for fire stemmer. Denne er ikkje ei vanleg koralharmonisering for blandakor, men ein kanon for kvinnestemmer. Så tett komponert er den vakre satsen at me berre stundom kjenner att ordet «rose» i det frodige kontrapunktiske flettverket.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.