JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Molière-perler i omsetjing

To av meisterens verk kjem for fyrste gong i norsk bokform.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2821
20220715
2821
20220715

Komedie

Jean-Baptiste Molière:

To komedier: George Dandin og Scapins skurkestreker

Omsett av Kjell Helgheim
Solum Bokvennen

Den 15. januar i år var det 400 år sidan Frankrikes og verdas mest grunnleggjande komediediktar vart født. «Verdas mest...» er ein bombastisk pilar å setje han på, men det skal godt gjerast å finne nokon som kan gjere Molière rangen stridig. (Kan hende Shakespeare, men det kan diskuterast.)

Spennvidde

Dei mest grunnleggjande strukturane i ettertidas farsar og lystspel er stort sett lagde etter molièrsk kokebok. Boka som no er komen ut på Solum Bokvennen, inneheld to stykke av Molière som nettopp stadfester spennvidda i dramatikken hans. Ingen av dei har vore utgjevne i bokform på norsk før no. Det eine stykket syner korleis han perfeksjonerte forviklingskomedien som sjanger, det andre er eit typisk døme på tragikomedien, der den bitre undertonen heile tida ligg bakom humoren, og der det ikkje kan bli nokon eintydig lukkeleg slutt.

Det første stykket, George Dandin, er det neppe mange blant oss som er fortrulege med frå før, i alle høve ikkje frå teaterscena. Det er over hundre år sidan det vart spela i Noreg. Det har i høg grad meisterens stempel. Men det har òg ein grell og bitter handlingskonklusjon, og det kan vere grunnen til at teaterfolk vegrar seg litt for å røre ved det.

Lettsinn og utruskap er sjølvsagt alltid pikante ingrediensar i komediar, men det kan vere tungt å svelgje at «skurkane», dei utrugne, triumferer over hanreien som står att med lang nase. Vert eit slikt stykke spelt med det rette infernalske glimtet i auget, bør det likevel kunne bli morosamt, og replikkane har ein munter flyt i Kjell Helgheims nye gjendikting.

Vers og prosa

Molière skreiv stykke vekselvis på vers og på prosa, og av dei med mørkare botn er vel Don Juan og Misantropen dei mest kjente. Denne gongen er det derimot Scapins skurkestreker, eit av dei aller muntraste Molière-verka, Helgheim har henta fram i ei frisk ny omsetjing. Mønsteret med kløktig tenar og dum herre har sjølvsagt teaterhistoriske urtradisjonar og er slett ikkje oppfunne av Molière sjølv, men her er tempoet og det intrikate brikkespelet så finstilt at stykket bokstaveleg tala framstår som ein mønsterkomedie. Og hovudrolla her vil nok alltid vere ein drøymejobb for ein briljant komedieaktør.

Omsetjaren har gjeve utgåva eit etterord som både summerer opp Molières spektakulære karriere og lagnad som diktar og skodespelar og dokumenterer den diktariske ambivalensen i livsverket hans. Han var ein smilande gjøglar, men hadde alltid eit hikst av gråt i halsen. Som klovnar flest.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Replikkane har ein munter flyt i Kjell Helgheims nye gjendikting.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis