Med salmeboka til hest
NEDTUREN. Etter fem år med bokhandel og forlag i Karl Johans gate 39 trekte Huseby i 1890 bort i Grubbegata 2. Peder Blix: «Gaardsplads i Gaard i Grubbegaden» (blyant, 1895).
Foto: Oslo Museum
Ein bondestudent frå Sogn kjefta på målfolk som kjøpte for få nynorskbøker, drog med hest og kjerre på salsturné og selde over 200.000 eksemplar av Blix-salmar.
Etter læreår utanskjers etablerte Olaf Huseby (27) forlagsbokhandel i Kristiania hausten 1883 saman med Olaf Olsen, seinare Norli. «Olaf Norli og eg vilde hjelpa til å få norsk farge på landet», sa Huseby. Samarbeidet rauk våren 1885. Dermed sat Huseby att med ein bokhandel han ikkje ville drive, eit forlag utan kapital og litt for mange meiningar.
Få månader etter jamstillingsvedtaket i 1885 leksa han opp i avisa Nordtrønderen kor lite bøker målfolk kjøpte. Det mangla ikkje på motinnlegg, men Huseby visste best svara ingen.
Arne Garborg var alt blitt plakatnamn, og eit forlag i Bergen hadde gitt ut Bondestudentar i 1883. Huseby kom på godfot med den rike grosseraren Johan Sørensen. Han var «eitrande sinna» på landsmålet, men likte romanen og ville ha boka ut på dansk. Både Garborg og Huseby sa nei, og Huseby gav ut andre utgåva på originalspråket i 1885.
Med eit engelsk føredøme ville Huseby lage eit såkalla folkebibliotek som skulle heite Henrik Wergelands Boghylle. Sørensen sa ja, endra tittelen til Bibliothek for De Tusen Hjem og tok raskt kontroll over serien. På tolv år blei skriftene i serien truleg trykte i 600.000 eksemplar.
I 1893 gav Huseby ut Landstads Kirkesalmebog med Blix-salmar som tillegg. Å få dei med i salmeboka hadde vore viktig for han, som ikkje var medlem i statskyrkja: «Der var lykelen til folkehjarta.» Då boka var trykt i 1893, drog Huseby med hest og kjerre på «misjonsferd til prestar og klokkarar» i tre månader. Det som berga salet, var lærarane, ikkje dei geistlege, sa Huseby. På fem år trykte han 204.000 eksemplar
Etter åtte bøker på nynorsk og 75 på dansk avvikla Huseby Oslo-forlaget i 1903 og utvandra til USA. Der dreiv han vidare som forleggjar og samla stoff til Abraham Lincolns Lommebibliotek. Det skulle romme 1000 portrett og biografiar på engelsk om dei største velgjerarane i verda. Verket blei aldri fullført.
Mellom 1935 og 1940 trykte avisa Sogn / Sogn og Fjordane på Leikanger om lag 50 brev, dei fleste signerte Olav Husaby. Redaktør Ivar Tveit fekk knapt plass til halvparten. Olaf Huseby var ein drivande forleggjar og Olav Husaby ein utsøkt skribent med linjer av snert.
Han var liberal venstremann livet ut og skreiv alltid med age om Franklin D. Roosevelt. Innimellom skarpe observasjonar frå amerikansk samtid kom fragment av livsminne frå Systrond, som han no forstod var «ei sprettande ny bygd». Hos denne utvandraren var der lite nostalgi og difor meir innsikt.
Ottar Grepstad
Neste veke: Publisisten
frå husmannsplassen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.