Sakprosa
Med Noreg mot iskalde mål
Harald Dag Jølle skriv ferdaminne frå turar i mange leier lengst nord og lengst sør i verda.
Gjennom mange år har Harald Dag Jølle skrive soga om nordmenn i dei kaldaste trakter på kloden. Av di ein historikar driv arbeidet sitt blant dokument og gamle kjelder, gav han til slutt etter for trongen til å dra ut i isen sjølv, forklarer han.
Boka som kom ut av dette, er til dels ferdaminne frå turar i mange leier lengst nord og lengst sør i verda – og samstundes er forteljinga ramma inn i store sveip over den norske polarsoga. Denne vekslinga mellom levande møte og innsikter frå fortida har gjort boka leseverdig, med stundom svært så brå sprang mellom polane.
Striden mellom Noreg og Danmark om Grønland i mellomkrigstida som Noreg tapa, høyrer med i dette. Jølle skriv at den norske okkupasjonen av Eirik Raudes land på Austgrønland hadde breiare oppslutning og sterkare grunnlag enn til dømes historieprofessoren Jens Arup Seip har framstilt det i si vidgjetne bannlysing i etterhand av handlemåten til norske styresmakter. Jølle gjev si forklaring på kvifor regjering og fagfolk hadde sine grunnar til å handla som dei gjorde, og kvifor så mange stødde dei. Jølle minner om at lang tid gjekk før Danmark kravde suverenitet over heile Grønland, medan dei norske krava på austkysten var grunngjevne i faktisk verksemd av fangst og fiske.
Vi får eit kritisk blikk på utviklinga dei siste åra. Innsatsen frå Noreg i polarstroka var tufta på ein ishavskultur med tette band til dei med levebrød og praktisk røynsle frå han: Fangstmenn, fiskeflåte og sjøfarande folk av alle slag, med Nord-Noreg og Mørekysten som dei fremste heimebasane, lenge også Vestfold med kvalfangarane, og stundom i tillegg deltakarar frå samiske strok der dei hadde særskild kunnskap om å overleva i ein ugjestmild natur.
Byråkratiseringa
Jølle peiker på at dette har vorte utvatna i dag når vi ikkje lenger har så mange norske fangstfolk og sjøfolk blant oss. I staden ser han dess meir av profesjonelle operasjonsavdelingar, logistikksenter, formell kursing og byråkratisering, mengdevis med skjema, høgteknologiske system for tryggleik og navigasjon, og obligatoriske kurs som får vega vel så tungt som praktisk bakgrunn.
Nokre av dei som har halde på lenge, klagar difor over at dei har mindre armslag og mindre fridom enn tidlegare. Dette er eit paradoks, tykkjest Jølle, når vi tenkjer på alt vi har til rådvelde som Nansen og Amundsen og dei andre pionerane måtte greia seg utan. Det kan jo òg henda at vi i dag er vortne so vande med å løysa det meste ved å trykkja på knappar at våre folk er mindre hardbalne og mindre budde på dei hindringane som ligg utanfor rekkevidd av teknologien.
Fotefara
Gjennom delar av forteljinga reiser Jølle i fotefara til dei gamle polarheltane, der Nansen og Amundsen sjølvsagt er i særklasse. Stundom er han på langferd med kjentfolk som finnmarkingen og skimeisteren Vegard Ulvang, men også med kronprins Haakon, som dei fekk med seg over innlandsisen på Grønland. Prinsen var ein turdeltakar som gav blest til verksemda, og som synte dugleik under barske tilhøve.
Jølle dreg historiske samanlikningar: Då Nansen og Amundsen gjorde sine bragder, var polferdene som romfarten i vår tid. Den gongen visste dei mindre om poltraktene enn dei visste om månen, for månen kunne dei sjå litt av, særleg med dei beste stjernekikkertane, medan det til då ikkje hadde vore mogeleg for noko menneske å få det minste glimt av traktene rundt Nordpolen og Sørpolen.
Oppvarminga
Det viktigaste er ikkje til å koma utanom: korleis menneskeleg aktivitet påverkar livet i Arktis og Antarktis gjennom synlege endringar i klima, i forureining og på anna vis. Jølle gjev ei mengde døme på korleis vêrlaget i nokre farvatn har endra seg frå polarklima til eit meir temperert nordatlantisk klima, korleis isen er på tilbaketog, korleis plastavfall og plastinntrenging er på frammarsj, og korleis miljøgiftene og auka temperatur i havet set sine nådelause spor blant fisk og fugl og blant dyra på bakken. Difor er ikkje dette noka lukkeleg forteljing.
Bodskapen i boka, slik eg oppfattar han, er at Noreg framleis kan spela ei rolle i poltraktene med våre tradisjonar, med geografisk nærleik og med den føremonen at vi er ein nasjon med pengar på kistebotnen.
Utfordringane
Etter at storkvalfangsten i Sørishavet kvarv, lever norsk hevd i Antarktis framleis på namnet Roald Amundsen, understøtta av ein forskingsstasjon. På Svalbard i nord har norsk suverenitet mista si tidlegare bergfaste tyngd etter at vi ikkje lenger har drift av ei kolgruve, men må nøya oss med nokre forskarar og turistar som fjørlette og ustadige feste for verksemda, medan russarane satsar tungt i det nære grannelaget på same øy. Fossilt kol var rett nok ikkje det beste for klimaendringane som har råka Arktis, men dei fossile drivstoffa som dei importerer utanfrå no, er ikkje stort betre.
Kva som kan gjerast med desse utfordringane, kunne gjeva rikeleg grunnlag for ei ny bok. Om då ikkje forfattaren kvir seg for å ta steget frå historikar til å bry seg med ei krevjande framtid.