Det nynorske polarspråket
HISTORIE: På 1920-talet fann målmenn og polarstrategar kvarandre i ein intens språkdebatt. Det skulle få konsekvensar for norsk karttradisjon.
Utkast til nytt kartblad frå Dronning Mauds land.
Foto: Norsk polarinstitutt
«I går fekk vi tilsendt eit nytt og framifraa vakkert og greidt kart over Bjørnøya», skreiv Den 17de mai i slutten av april 1926. Kartet kosta 10 kroner, men ifylgje avisa var det «vel verdt aa eiga. Ikkje minst for oss maalfolk, sidan det er det fyrste offisielle kartet med gode norske namn, i norsk form, og norsk titel».
Det var ikkje gitt at dette kartet over øygruppa som nettopp hadde vorte norsk, skulle få nynorsk språkdrakt. Men før me kjem attende til karta, må me innom sluttfasen av prosessen med å gjere Svalbard til ein del av kongeriket Noreg, nemleg lov om Svalbard, som tredde i kraft 14. august i 1925.
Um lov um Svalbard
Noreg fekk tildelt suvereniteten over Svalbard i traktaten «angående Spitsbergen», som vart underskriven 9. februar 1920 av mellom andre Noreg, Danmark, Nederland, Japan, USA og Storbritannia. Fem år seinare var han ratifisert av dei ti signaturlanda, og alt var gjort klart for at øygruppa skulle overtakast av Noreg. Ja, sjølve namnet Spitsbergen hadde vorte til Svalbard – henta frå islandske annalar frå 1194, der det står at «Svalbardi fundinn».
Dette var eit namneskifte som nok passa betre med samtidas namnepolitikk, nokre månader etter at Kristiania hadde vorte Oslo, enn med dei historiske kjensgjerningar – for det er langt ifrå sikkert at dette nye norske øyriket var det same som dei norrøne sjøfararane hadde vitja etter å ha segla i fire døgn nordover frå Island.
Då saka kom til Stortinget i juni 1925, var det korkje Svalbard-namnet eller innhaldet i lova som skapte mest diskusjon, men at Justisdepartementet hadde skrive lovutkastet på landsmål (som var den offisielle nemninga for nynorsk fram til 1929). Det likte ikkje justiskomiteen og innstilte difor på å omsetje lova til riksmål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.