Bok

Lettkjøpte smil?

Hans Dahl måla glade jenter i solfylte fjordlandskap. Han fekk keisaren av Tyskland som stamgjest, medan det norske kunstlivet såg på han som utdatert og overflatisk. Ein ny biografi fortel om livsglede, luksus og motvind.

Hans Dahl: «Naturbarn», utan årstal.
Publisert Sist oppdatert

Det er lite som er vanskelegare enn å fange eit smil med penselen. Det vert fort ein stivna grimase. Men det å skildre glade ansikt var noko Hans Dahl (1849–1937) meistra til fulle. Han vigde kunsten sin til å fange opp slike små og lukkelege augneblinkar som kan oppstå midt i det kvardagslege slitet.

Gjennom heile livet fylte han lerret på lerret med unge kvinner med lyst flagrande hår. Jentene spring gjennom solfylte fjellandskap, ror over fjorden eller kviler seg i blomsterenga, alltid i tradisjonsklede. Det er kanskje ikkje så underleg at han tirra på seg dei leiande norske kunstnarane med slike friksjonslause bilde. 

Dahl vart sett på som ein nasjonalromantikar på overtid, og han fekk i liten grad innpass ved norske utstillingsstadar. Det finst heller ikkje så mange spor etter han i kunsthistoria. 

Først i 1998 vart han innlemma i samlinga til Nasjonalgalleriet.

Fødd på solsida

Dette er såleis den første biografien om Hans Dahl, ei retteleg praktbok i stort format, fylt av måleri, teikningar og foto. Frode Skag Storheim (f. 1988) gir innblikk i livet til ein mann med mange jarn i elden. Ved sida av kunsten var han organisasjonsmann, skribent, og endåtil oppfinnar. Han utvikla mellom anna eit eige speedometer. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement