Lettbeint og hardtslåande
Gurls og Trondheim Jazz Orchestra gjer kvarandre gode.
Jazz
Trondheim Jazz Orchestra & Gurls:
Oui
Marianna Sangita Angeletaki Røe, vokal; Hanna Paulsberg, tenorsaksofon; Ellen Andrea Wang, bass; Heida Mobeck, tuba; Erik Johannesen, trombone; Trine Knutsen, fløyte; Sissel Vera Pettersen, altsaksofon; Eirik Hegdal, bassklarinett og barytonsaksofon; Amund Storløkken Åse, vibrafon; Håvard Aufles, synth; Ola Øverby og Håkon Mjåset Johansen, trommer. Grappa
Trioen Gurls har eksistert sidan 2013. Hanna Paulsberg og Ellen Andrea Wang har vore med heile tida. Marianna Sangita Angeletaki Røe er den tredje vokalisten i rekkja, og ho er perfekt for oppgåva. Paulsberg har komponert og arrangert dei sju låtane og har greidd kunststykket å sameina det litt eplekjekke Gurls-uttrykket med ein klangleg og harmonisk palett som gjev uttrykket ei djupn og slagkraft som gjer inntrykk. I tillegg har ho skrive tekstane. Fleire av desse kunne gått rett inn i ein amerikansk rap-R&B-tradisjon, berre tilført ein god dose meining.
Plata er innspelt på jazzfestivalane i Trondheim og Mandal i fjor. Lydteknikar David Solheim skal ha ros for å ta vare på det doggfriske i musiseringa. Dynamikk og transparens er med på å gjera dette til ei minneverdig innspeling. Tittelkuttet er eit strålande døme.
Trondheim jazzorkester søkjer stadig nye utfordringar, og dei kjem alltid ned på beina, men av og til er telemarknedslaget stødigare og meir elegante enn andre gonger, og her er det 20 i stil. Det er ikkje berre Paulsberg som skriv dei gode, men dei er opplagt trigga av alle dei ulike utfordringane. Romma for improvisasjon er ikkje mange og vide, men Paulsberg får sagt sitt, og den store overraskinga er bidraget frå Håvard Aufles på «Sweet Talker» – akkurat så elegant aparte som stunda forlangar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.