Film
Lett og ledig mollstemning
Ingenting er som litt forholdskrisedrama på tampen av ferien.
Sarah Forestier speler Rebecca, som har eit forhold på si med mannen til ei veninne.
Filmweb.no
Lærar Joan (Hair) er usikker på om ho framleis er forelska i mannen sin, Victor (Macaigne), noko ho luftar for kollega og veninne Alice (Cottin). Alice på si side veit at ho ikkje er forelska i sin mann, som viser seg å ha ein affære med veninna Rebecca (Forestier) bak ryggen på dei alle. Då Victor døyr, dukkar ein ny lærar, Thomas (Bonnard), opp, og han tek bokstaveleg talt plassen til Victor – moglegvis.
Forfriskande
Om du synest oppsummeringa høyrest i overkant trekantdramatisk ut, så kjem det av at det er nøyaktig så fleirkanta dette dramaet er. Men det er ikkje lagt opp til dramatikk i kavete, støyande, høglydt stil, snarare ganske så kontemplativt og funderande. Musikken er lett og mollstemt og passar perfekt til stilen. Dei slentrar parklangs i Lyon og er uanstrengt pene på kafé, men mest av alt er veninnene vanlege menneske som må takla det kvardagen har å by på. Nyelæraren Thomas oppsummerer eigentleg filmen godt med tittelen på ei bok han har skrive, Forfriskande forviklingar. Utruskap og død er ikkje så forfriskande i røynda, men i Tre venninner er blandinga akkurat passe dramatisk.
Woody
Forteljarstemma via Victor er ein klassisk nevrotisk, høgskuldra ut-med-armane-karakter, og tankane går lett til Woody Allen. Både val av forteljar og filmatiske grep, som å filma tverrsnitt av rom, minner om Allen, og då særleg dei supre relasjonsdramaa, som Hannah og hennes søstre (1986) eller Den andre kvinnen (1988), for å nemna eit par opplagde eksempel på åttitalsfilmane hans. Alt frå å sjå gamle klassikarar på kino til kvinnetungt rollegalleri fører ytterlegare til at Allen kjennest tydeleg som inspirasjon. Og effektiv klipping gjer at det er få dødpunkt. Å, så godt eg likte dei gode, gamle Woody Allen-filmane!
Stemning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.