JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kunst kontra knark

Denne fortreffelege norske dokumentarfilmen stal ein pris på sjølvaste Sundance-festivalen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunstnaren Barbora Kysilkova oppsøkjer Karl-Bertil Nordland, som stal eit par av kunstverka hennar.

Foto: Medieoperatørene / Euforia

2402
20200918
2402
20200918

DOKUMENTARFILM

Regi: Benjamin Ree

Kunstneren og tyven

Med: Barbora Kysilkova, Karl-Bertil Nordland
Kinofilm

Barbora er ein tsjekkisk kunstnar som bur i Oslo. Natta etter ein vernissasje blir dei to mest verdifulle av dei naturalistiske verka hennar stolne. Ranet er gjort med stø hender, men er fanga på kamera. Den eine tungt rusa tjuven minnest ikkje noko av akta. Bileta er vekke. Under rettssaka snik Barbora seg bort til han for ein prat. Det blir starten på eit uventa vennskap.

Djupna

Tilgangen regissøren Benjamin Ree har fått til fascinerande folk med ei utruleg historie, er ein draum for dokumentaristar. Han har snikra eit intrikat verk. Filmen er flott skriven. Ree fortel frå ulike synsvinklar og hoppar tilbake for å sjå dei same seansane frå andre sida. Effektivt skrir vi inn i ulike tematikkar medan historia vrir og vender på seg.

Barbora er nyfiken og oppslukt av sitt siste objekt. Den stabile kjærasten hennar ser moralske paradoks i krossen mellom liding og estetikk, men for henne er kjærleiken til kunsten størst. Ho er fascinert av mørke sjeler. Oppvekst og uår kan skape skuggar på sinnet. Tjuven kikar på kunstnaren og ser at ho òg kan stri med sitt. Figurane får fram kjensler og tankar i rik mon. Filmen kunne ha falle mellom to stolar, mellom kunstnarportrett og kommentar om eit liv på stoff. I staden lukkast Ree i å flette dei to saman til ei høgre eining om menneske. Det er forfriskande og medrivande.

Norsktoppen

Kunstneren og tyven ser flott ut. Fargekorrigering med flid sømer seg for ein film der kunsten står sentralt. Musikken til Uno Helmersson er nydeleg. Han unngår formlane store dokumentarfilmar ofte lir av. Filmen er vellukka i alle ledd.

Ree segla opp som ein stor dokumentarfilmskapar då han vann ein pris på Sundance-festivalen i vinter. Dei siste åra har norske filmar vunne hovudprisen på dei to største dokumentarfilmfestivalane i verda, med Nowhere to Hide av Zaradasht Ahmed på IDFA i Amsterdam i 2017 og Brødre av Aslaug Holm i 2016 på Hot Docs i Toronto.

Etter ein solid sjakkdebut med Magnus tek Benjamin Ree steget opp til eliten med sin andre film. Det er gildt at fleire nordmenn høyrer til der.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis