JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kulturhistorisk kaleidoskop

Morten A. Strøksnes har lagt ut på ein ambisiøs seglas, og kjem vel i hamn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kenja, far og son i Long Pelaban ved Kayan-elva i Borneo cirka 1915.

Foto frå boka: Carl Lumholtz

8155
20221111
8155
20221111

Biografi

Morten A. Strøksnes:

Lumholtz’ gjenferd. Verden rundt i sporene til en glemt hvit oppdager, på leting etter alt som ble borte, og det som ble igjen

Forlaget Oktober

Morten A. Strøksnes har skrive ein imponerande 800 siders biografi om Carl Lumholtz og om tida han levde i. Lumholtz (1851–1922) var naturvitskapsmann, vidkjend som globetrotter, etnograf, forfattar og fotograf. Han studerte livsvilkåra blant ulike stammar og drog på fleire ekspedisjonar til Australia, Mexico og Borneo. Her oppdaga han nye plante- og dyrearter og skaffa seg kunnskap om bergartar, fuglar, pattedyr, krypdyr og planter. Han samla også eit enormt arkeologisk materiale.

Strøksnes har studert livet til oppdagaren, vandra i fotefara hans og granska dei mørke skuggane i den oppfatninga av menneskeslekta som enno heng att. Det er vorte ei vellukka bok. Det sprutar av journalistisk glede og overskot i pennen til Strøksnes, og han set oppdagaren overtydande inn i ein mentalhistorisk samanheng.

Kolonialisme

Lumholtz voks opp på Lillehammer, utdanna seg til prest, men interesserte seg meir for naturen, for steinar, plantar og dyr, særleg fuglar som han fekk utstoppa. Han vandra i fjella og vart som ung ein av dei unge vitskapsmennene som vart sende til framande himmelstrok for å hente inn kunnskap om natur og menneske langt heimanfrå.

Han drog først til Queensland i Australia, der han levde saman med sankarar og jegerar, såkalla aboriginar, i den tropiske regnskogen. Ivrig lytta han til samtalane rundt leirbåla og vart snøgt ein av dei som dei innfødde gjerne ville tru seg til. Tidleg vart han overtydd om at den europeiske sivilisasjonen var demoraliserande og øydeleggjande. Dei innfødde som ikkje hadde møtt kvite menneske, synte større velvilje, toleranse og godhug enn dei som hadde røynsler om kolonistar og andre europearar. Dei aboriginane som hadde levd isolert, var meir smålåtne, trufaste og pålitelege enn dei som hadde levd saman med folk frå Europa.

Kolonistane frå Europa gjekk omsynslaust fram. Mange av dei såg på dei innfødde som skadedyr. Unge menn frå stasjonane brukte søndagane til å jakte på innfødde med gevær. Ein kolonist skaut svarte menn han møtte på beitemarkene, fordi han meinte dei drap kveget hans. Han avliva kvinner fordi dei fødde kvegdreparar, og barna fordi dei var i ferd med å verte kvegdreparar.

Ein bonde ved nedre Herbert River fortalde at han brende svarte drepne for å kvitte seg med dei prova lika måtte bere. Ein annan kolonist sa han brukte stryknin for å utrydde aboriginane, det var ganske vanleg blant dei andre settlarane. Politiet greip aldri inn. Når den norske oppdagaren ikkje reagerte mot slike overgrep, var det fordi han var overtydd om at aboriginane høyrde til ein mindre levedyktig rase. Han ville likevel snart bukke under. Rasen deira var vorten «senil» og komen til vegs ende.

Verdskjend

Strøksnes syner, gjennom fleire døme, korleis desse tankane var vanlege. Aboriginane stod nedst på utviklingsstigen og ville etter kvart døy ut. Folkeslag på eit høgare utviklingstrinn ville ta over jorda deira og gjere ho produktiv. Men elles elska aboriginane barna sine like mykje, ja, kanskje endå meir enn kolonistane og engelskmennene. Foreldra tok aktivt del i oppsedinga, og samspelet mellom barn og foreldre var intimt og nært.

Etter reisa i Australia drog Lumholtz heim til Noreg. I boka Blandt Menneskeædere. Fire Aars Reise i Australien skildrar han aboriginane som primitive, lågtståande, trulause og mordlystne. Menneskeetarane har det mest usiviliserte levesett av aller menneske, skriv Lumholtz.

Boka om menneskeetarane, som vart omsett til svensk, engelsk, tysk og fransk, gjorde Lumholtz verdskjend og sende han til USA, der han heldt foredrag. Han fór dessutan omkring i byane og agiterte for at amerikanarane skulle finansiere, utruste og sette på beina eit stort lag med 30 mann som skulle trenge inn i avsidesliggjande fjellstrok i Mexico. Millionærar som Andrew Carnegie og J.P. Morgan opna lommeboka, og dei store naturhistoriske musea i USA stilte seg bak. I løpet av eit par månader greidde nordmannen å samle inn beløpet han trong.

I 1890 la så ekspedisjonen i veg inn i dalane vest i Mexico på jakt etter det som skulle vere restar etter dei gåtefulle klippe- og holebuarkulturane i desse stroka. Og dei gjorde rike funn: fossil av gigantiske dyr, verdas største hakkespett, armband, sandalar, økser, nåler, drikkebeger og dekorerte kjempekrukker. Etter nokre veker sende dei 30 kasser med etnografiske gjenstandar til byen dei starta frå. Dei samla dessutan inn 17 ulike pattedyr, 120 biller og 162 ulike fugleartar.

I slutten av januar 1891 slapp dei opp for pengar, men den ukuelege nordmannen greidde igjen å overtyde universitets- og forskingsmiljøa. Etter ei hektisk pengeinnsamling kunne ekspedisjonsleiaren plukke ut 16 mann som skulle utforske fjellheimen. Her budde folk som hadde gøymt seg for dei kvite, eit urfolk som knapt var kjent for verda.

Oppdagaren sjølv med meksikansk regnfrakk, fotografert i 1894–97 av ein ukjend fotograf.

Foto frå boka

I fotospora

Strøksnes er ikkje nøgd med å reise i fortida, men følger også i fotspora til hovudpersonen slik dei ser ut i dag. Det gjer han i Queensland, der han skildrar vegen gjennom ørkenen og regnskogen, vertshusa, pubane og småbyane, samtidig som han livleg fortel om gullgravarane, sauebøndene og nybrottsfolk som kunne drikke og slåst. Ein kjenner kor stille og støvfylt vegen gjennom ørkenen er, det er som ein har mista høyrselen. Forfattaren vekslar mellom ein levande, personleg og sanseleg reportasje og ei sakleg forteljing om fortida. Det gjev boka ein original svip og forfattaren stor stilistisk fridom.

«Velkommen til verdens mordhovudstad», fortel han om Ciudad Juárez i Mexico, og nemner at her vert snautt 100 menneske drepne kvar veke. Strøksnes vitjar også Holedalen, kjend for funnet av ei krukke, nesten fem meter høg. Holemaleria syner bilete av menneske, hjortar og hovudskallar.

Etter fleire ekspedisjonar i Mexico planla Lumholtz som førstemann i verda og vandre tvers over øya Ny-Guinea i det vestlege Stillehavet. Det vart ikkje noko av. I staden utforska han det mystiske indre av Borneo gjennom fleire ekspedisjonar. Den indonesiske regjeringa stilte ein dampbåt, «Otto», og militær eskorte med offiser og fem–seks kvitkledde soldatar til disposisjon.

I desember 1915 stampa dei opp elva Barito med fleire innfødde som kjentmenn og hjelparar. Problema melde seg snøgt. Men ekspedisjonen heldt fram og samla verdfullt kulturelt materiale om ei rekke folkegrupper. I august 1916, åtte månader etter at han starta, hadde han fullført ferda.

Kulturhistorie

Lumholtz levde i ei tid då raseideologien stod i full blom. Men Strøksnes viser at han etter kvart lærte seg å få ein aukande respekt for dei urfolka han var i kontakt med. Det galdt både aboriginane, indianarstammane i Mexico og ulike folk på Borneo. Sjølv om han var eit produkt av si tid og delte mange av dei fordomane som fanst den gongen, freista han etter kvart å nyansere biletet av «ville» menneske. Og han beundra dei også, for gjestfridom, sjenerøsitet og naturkunnskap. Han var ein mild mann frå eit lite land, skriv Strøksnes om han.

Det er ein ambisiøs seglas Strøksnes har lagt la ut på. Det er eit kaleidoskop av ei kulturhistorie, velskriven, breiddfull av inspirert journalistikk, forbløffande, inntrengande i detaljar og full av respekt for dei gåtefulle sidene til ein mann han vedgår han ikkje heilt forstår, men som vil få ein nytt og skarpt lys på seg etter denne boka.

Boka er på over 800 sider. Er det for mykje? Eg reagerte på lengda i starten, men vart fort sogen inn i universet Strøksnes teiknar opp. Han tek opp eit tema som femner ulike typar mentalitetar som knyter seg til kolonialisme og arroganse til dei kvite andsynes urfolk. Det gjer at boka fortener det omfanget ho har, for det er ei heil verd av haldingar frå tre kontinent som vert avspegla.

Karsten Alnæs

Karsten Alnæs er forfattar.

Både Karsten Alnæs og Morten A. Strøksnes skriv for Dag og Tid, men dei kjenner ikkje kvarandre og har aldri møtst.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det sprutar av journalistisk glede og overskot i pennen til Strøksnes.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis