Bok

Ironisk siger

Lita bok kan velte stort lass.

Japanske Sao Ichikawas debutroman er no omsett til norsk.
Publisert Sist oppdatert

Ja, eg blei litt velta av lasset av denne korte romanen til Saō Ichikawa. 

Det var ei god velting. At boka er blitt peikt ut som ei av dei viktigaste japanske bøkene dette hundreåret, verkar ikkje overdrive.

Eg-personen Shaka Izawa lever med ein muskelsjukdom som gjer at ho har sitt tilvære i ein elektrisk rullestol og med respirator. Ho bur på ein omsorgsheim som foreldra har oppretta, med pleiarar dei sjølve har hyra inn. Izawa er såleis svært avgrensa fysisk, men ho lever eit livleg og bramfullt liv på internett, der ho legg ut diverse oppsiktsvekkande meldingar. Som ei kvitring på Twitter: «Eg vil ha jobben til dei som hiv kondomar frå taket i swingersklubbar.»

Utside, innside

Dei fleste meldingane inneheld ønske om å gjere slikt som friske menneske kan gjere, eller dei har ein tone og ein temperatur som er provoserande, kanskje ut frå eit ønske om å kompensere for manglar. Der kvinner framleis må jobbe meir for å tene like mykje som menn, eller snakke påfallande lågt og kontrollert for å bli høyrde (som Erna Solberg har funne ut), kan det vere at ei med funksjonsnedsetting kjenner seg kalla til å seie uhyrlege ting for å bli rekna med. For å bryte gjennom sitt eige skal, slik det tar seg ut frå utsida.

Når Izawa drøymer om å bli gravid og ta abort, kan det for ein lesar verke djupt problematisk, skulle berre mangle, men etter kvart som forteljaren utdjupar dette, går det opp for oss at det er ei spissformulering av ønsket om å oppleve kva ein frisk kropp kan gjere, i heile sitt paradoks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement