Økonomi
Bustadformue og luftmillionar
Bustadar i Nydalen i Nordre Aker i Oslo.
Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB
I debatten om formuesskatt på bustad på NRK tysdag 27. januar 2026 kom finansminister Jens Stoltenberg med ein del påstandar som treng korrigering.
Han snakka om ny og gamal reknemodell, sjølv etter at ein frå SSB sa ifrå at det berre var ei lita revidering av den gamle modellen. Eg har forståing for at ein statsråd med hovudet fullt av talepunkt ikkje får med seg kva andre seier i ein fjernsynsdebatt, men rett skal vere rett.
Diverre var heller ikkje han frå SSB heilt klar i sin tale. Han sa at revisjonen bestod i at området dei no rekna kvadratmeterpris for, var kretsar i staden for heile bydelar som før. Eit døme på det kan vere bydelen Nordre Aker i Oslo, som finansministeren kjem ifrå.
No reknar ein for kvar av dei 39 grunnkretsane i denne bydelen.
Men denne endringa er ikkje ein revisjon av reknemodellen, det er ei endring av grunnlagstal (henta frå finn.no) ein matar modellen med. Då er ein kanskje framme ved den gamle sanninga om at skit inn er lik skit ut. Men det kan og vere at ein eller fleire faktorar i reknemodellen er endra slik at staten kjem ut med den halve milliard for mykje som finansministeren nemnde.
Men alt dette er rekneteknisk som enkelt kan rettast på. Det som er meir interessant å debattere, er auken i formuesverdi som no skjer for heilt vanlege bustadar i nokre byar, ofte bustadar som i si tid vart kjøpt eller sett opp av vanlege arbeidstakarar. Den er ikkje lenger i nærleiken av realverdien, som er omtrent lik anten huset står i Finnmark eller i Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.