JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Hjartet som gløder

Weyes Blood følgjer opp Titanic Rising med andre del i ein trilogi.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Weyes Blood teiknar eit dystert bilete av samtida vår, skriv Øyvind Vågnes.

Pressefoto

3726
20221118
3726
20221118

Rock

Weyes Blood:

And in the Darkness, Hearts Aglow

Sub Pop / Playground

På veg oppover og oppover, mot toppen av pariserhjulet, vert det lenger og lenger til det mørke vatnet der nede, og verda slik ein kjenner henne – og det er i denne flukta «Hearts Aglow» plasserer oss, eit nøkkelspor på And in the Darkness, Hearts Aglow, det ferske studioalbumet frå Weyes Blood.

Frå ei slik svimlande høgd kan ein brått setje lit til gryande von: «Eg har venta så lenge på at nokon skal lyse opp hjartet mitt», heiter det i songen, som utvilsamt har inspirert skinet du kan få auge på på plateomslaget, som ifølgje Weyes Blood – låtskrivaren og artisten Natalie Mering (f. 1988) – var meint å framkalle assosiasjonar ikkje til religiøs ikonografi (slik dei fleste har tenkt), men til science fiction.

Den tvitydige biletbruken er likevel produktiv, for songane på And in the Darkness, Hearts Aglow tematiserer førestillingar om lengten etter det transformative, etter ei endring som kan verke inn på korleis både individet og kollektivet kan tore å førestille seg framtida.

Vedvarande prosjekt

Det finst vel knapt noko album eg har hatt større forventningar til i 2022 enn dette femte studioalbumet frå Weyes Blood. Den førre plata frå den kanten, Titanic Rising (2019), høyrer til mellom dei utgivingane eg har vigd mest tid til dei siste åra – eg vender jamleg tilbake til songane der. Dermed vert eg meir enn glad når den nye plata byr på meir av det same. Mering – som tidlegare har laga mellom anna støymusikk – hadde opphavleg tenkt å gå i ei ny retning etter Titanic Rising, men har fortalt i intervju at songane som kom, kjendest meir som eit framhald, og at ho no trur det vert ein trilogi av det, som er eit vedvarande prosjekt.

Mering er noko av ein låtskrivar, med komposisjonar som talar til vår tid, og til same tid rommar fleirfaldige velplasserte rockehistoriske ekko, og den klare røysta hennar kan sende tankane til namn som Karen Carpenter og Judee Sill. Opningssporet, den pianodrivne balladen «It’s Not Just Me, It’s Everybody», skildrar korleis dei overveldande endringane vi har sett, og ser, i verda rundt oss, tvingar det menneskelege individet til å sjå seg sjølv som del av noko større – Mering kallar sjølv songen ein «buddhistisk hymne». Orkestreringa, koringa og harpespelet til den alltid eminente Mary Lattimore løftar låten og gir albumet ein start ein skulle tru det var vanskeleg å følgje opp, men vi er berre så vidt i gang.

Dystert bilete

Med nydeleg klokkespel ved Jonathan Rado, svulmande kor og handklapp er Beach Boys-vibbane på «Children of the Empire» tydelege, men ikkje kleine, og «Grapevine» – tittelen viser til eit stykke motorveg mellom Los Angeles og California, der to ekskjærastar no er reduserte til to bilar som passerer kvarandre i mørkeret – er med si knappe skildring rik som ei heil lita novelle.

Som på Titanic Rising er ambisjonane høge, og på «God Turn Me Into a Flower» gir Weyes Blood seg uredd i kast med ein ny vri på Narcissus-myten og lèt Daniel Lopatin (Oneohtrix Point Never) ta oss med under flata og ned i djupet med synthen, før det heile munnar ut i fuglekvitter.

Det er unekteleg eit dystert bilete And in the Darkness, Hearts Aglow teiknar av vår samtid, og tida som skal komme, og i kulturkritikken sin kan Natalie Mering i ulike intervju tidvis høyrast ut som litt av ein dystopikar. At ho også seier at neste plate ut i trilogien kjem til å romme meir von – kanskje av slaget du kan få auge på i hjartet som gløder – gjer berre forventningane til musikken som skal komme vidare, endå høgare.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis