Film
Heilt grei om heilt ugreitt
Maria i Jeg er Maria kunne vore meir overtydande.
Matt Dillon spelar Marlon Brando, medan Anamaria Vartolomei har rolla som Maria Schneider i filmen om livet hennar.
Foto: Another World Entertainment
Unge Maria Schneider (Vartolomei) er berre 16 år då ho landar eine hovudrolla i ein film som framleis blir sett opp på filmklubbar og cinematek verda over, Siste tango i Paris (1972). Regissør Bernardo Bertolucci (Maggio) har klart å få tak i sjølvaste Marlon Brando (Dillon) som mannleg hovudrolleinnehavar.
Dei to godt vaksne mennene eksperimenterer med stadig dristigare sexscener, men hei, det er jo berre skodespel. Lite kunne førebu Maria på mottakinga av filmen eller på kva stempel som følgde med i karrieren hennar. Men hei, det er jo berre showbiz.
Litt om tango
Eg har aldri hatt spesielt lyst til å sjå Siste tango i Paris. Ein aldrande, usympatisk Brando som analvaldtek ein tenåring, men hei, det er jo Bertolucci, det er jo filmkunst. Det blei ikkje meir freistande å sjå filmen etter metoo og skuldingane mot Bertolucci og Brando etter Schneiders død i 2011. Men så kjem altså ein film om Schneider, sett frå hennar synspunkt, og då vart det grunn nok til å sjå den over femti år gamle skandaleomspunne filmen.
Og den har ikkje halde seg godt, alt er nesten komisk pretensiøst og langt frå komisk overgrepsaktig. Men det skal han ha, tangoscenene sist i filmen er vakre, og nokre dialogscener sterke og originale. Å sjå Maria Schneider, tullete ofte naken, særleg mot ein tilsvarande påkledd Brando, sjølv når han ligg med henne, er for det meste trist. Men ho ser akkurat så ung og vampete ut, og dermed så aldeles sårbar, at eg forstår appellen i å gje henne rolla: Det lyser at ho er seksten og vil gjera kva som helst for å bli skodespelar. Kva som helst. Og det er grunnen til at Jeg er Maria no er laga.
Litt om Maria
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.