Godkjensleteater
Varmt og rørande om menneskemøte i ei krisetid.
Musikalen tek for seg historia til 7000 flypassasjerar som vart omdirigerte til den vesle byen Gander etter terroråtaka i New York i 2001.
Foto: Sebastian Dalseide
Den Nationale Scene, Store Scene
Manus, musikk og songtekstar: Irene Sankoff og David Hein
Come From Away
Omsett av Håvard Rem
Regi: Markus Virta
Scenografi og kostyme: Stine Martinsen
Orkestrering: August Eriksmoen
Musikalsk ansvarleg: Helge Lilletvedt
Sjølv om slutten er noko langdryg og sentimental, er Come From Away ein musikal å gle seg over, ei musikalsk feiring av menneskeleg godskap og omsorg med fellesskapen og det kollektive i sentrum.
Då terroråtaka råka New York 11. september 2001, blei 38 fly dirigerte om til den svære flyplassen ved den vesle byen Gander på New Foundland. Brått måtte 9000 menneske i den kanadiske byen ta hand om 7000 framande av ulik nasjonalitet, etnisitet og tru. Det er historia om desse dagane som snudde om på fleire liv, denne musikalen fortel. Ho er også blitt til spelefilm.
Opninga er kaotisk og hektisk, slik både dei fastbuande og dei «invaderande» truleg må ha opplevd den heilt spesielle situasjonen. Dei tolv medverkande speler både fastbuande og flypassasjerar, og det blir mange sceneskift og rolleskift, slik at framsyninga aldri heilt finn roa. Sidan hovudvekta er lagd på det kollektive, blir vi heller ikkje nærmare kjende med einskildpersonar eller -lagnader. I staden flyttar handlinga seg frå situasjon til situasjon, men det gir fart og dynamikk til framsyninga. Dette blir forsterka av innslaga der flypassasjerane driv koreografert kontorstolballett, eit morosamt og vel gjennomført regiinnslag.
Nokre få personar får stå litt tydelegare fram. Andsynes arabaren Kevin (Thomas Bipin Olsen) kjem muslimfrykt og homofobi hos omgivnadene til uttrykk, men det «ordnar seg». I rolla som den første kvinnelege flykapteinen i American Airlines får Elisabeth Hammersbøen Rustad høve til å lyfte det verbale nivået. Sameleis med Birgitte Velsvik, som mora til ein av brannmennene på Manhattan. Elles fungerer dei mange ensemblenummera bra, men det er få av dei tidvis irsk folkrock-inspirerte songane som set seg fast i øyret. Same kva, kapellmeister Lilletvedt og dei sju medmusikarane hans står distansen heilt ut. Med glans.
Jan H. Landro
Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Meldaren har ikkje kommentert omsetjinga til Håvard Rem, sidan båe er knytte til Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.
Foto: Heiko Junge / NTB
Effektivisering er ikkje berginga
Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.
Foto: Heiko Junge / NTB
Jordskjelvet
Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.
Foto: Heiko Junge / NTB
Moralske kvalar
Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.
Foto: Paul Kleiven / NTB
Villrein i eit villnis
Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.