Film

God jul?

Julefilmen basert på den populære boka Stargate er søt og fin.

Ti år gamle Ronja (Luiza Idrizi) på besøk hos naboen (Staffan Göthe).
Publisert Sist oppdatert

Drama/Familiefilm

Regi: Ida Sagmo Tvedte

Stargate – en julefortelling

Med: Luiza Idrizi, Anna D. Sverrisdóttir, Bartek Kaminski, Staffan Göthe, Suheyb Ahmed Kinofilm

Ronja (Idrizi) og storesystera Melissa (Sverrisdóttir) bur på Tøyen torg med faren (Kaminiski). Han slit med alkohol og trekker stendig mot den lokale baren Stargate. Dei har skrint med pengar.

Medan ti år gamle Ronja gjer alt ho kan for å sjå positivt på det meste, har systera gjeve opp at faren skal skjerpe seg.

Det er advent. Melissa lyt selje juletre når faren sviktar. Ronja har heldigvis ein kamerat i Musse (Ahmed), medan naboen (Göthe) verkar uroa for tilstanden i familien deira.

Mild

Luiza Idrizi har alt som trengst for å bere filmen med sitt uttrykksfulle andlet i hovudrolla. Ho, Anna D. Sverrisdóttir og Suheyb Ahmed frå den yngre garde leverer godt. Staffan Göthe som streng, snill nabo er ein fryd. Bartek Kaminiski balanserer nydeleg i rolla som snill far med rusproblem. Rolla er fin, og han er nett nyansert nok.

Det er ein styrke at det skortar på erkeskurkar i filmen. Vel er juletreseljaren kjip, men filmen går langt i å spegle ei verd der dei fleste vil godt. Jamvel dei som ikkje får det til. Og stundom er ting berre drit uansett, for å sitere den høviske naboen. Det er mange bra folk der ute, som nokon skreiv på ein vegg ein plass.

Luiza Idrizi spelar ti år gamle Ronja.

Varm

Boka Stargate – en julefortelling er ofseleg godt likt. Regissør Ida Sagmo Tvedte har fartstid frå fjernsyn. Ho tyr ikkje til store krumspring, men held seg til ein tilgjengeleg stil eg vil tru famnar breitt. Mjukt piano set tonen. Varmt ljos skin mot andletet til jenta som frå eit bilete av «Jenta med fyrstikkene». Det kjennest som klassisk julelys.

Estetikken hyllar Tøyen, sjølv om sosiale problem er i front. Ja, det er rus og fattigdom, men stort sett er det eit varmt miljø som er skildra. God vilje frå folk rører. Ja, eg grein litt, nett då folk viste omtanke og nestekjærleik. Ei barnestjerne er fødd med denne rolla til Idrizi. Filmen har potensial til å bli ein juletradisjon, slik boka blei på rekordtid.