Utanriks
Péter Magyar er EU-venleg, men ein vanskeleg partnar
I Brussel feirar dei valnederlaget til Viktor Orbán, og dei har store forventingar til valvinnaren. Men det blir ikkje lett med han heller. Den første prøvesteinen blir Ukraina-lånet som Orbán blokkerte.
Foto: Denes Erdos / AP / NTB
I fleire
månader var det mistenkjeleg stille i Brussel når det var snakk om Ungarn og om
valet som så mykje i Europa var avhengig av.
Di nærare
vi kom valdagen, di hardare ord brukte Ungarns statsminister Viktor Orbán.
Både mot Ursula von der Leyen frå kristendemokratane (CDU), som leier EU-kommisjonen,
og mot Manfred Weber, ein annan kristendemokrat (CSU) som leier partigruppa Det
europeiske folkepartiet (EPP). Begge to var avbilda på valplakatane til Orbán,
som hevda at dei representerte eit EU som ville trekkje Ungarn inn i den
ukrainske krigen mot Russland.
Men di kraftigare
åtaka blei, di meir fåmælte blei politikarane i Brussel, som Orbán hadde utpeikt
som fiendane sine.
Ei slik
form for hjelp var nettopp det Péter Magyar og Tisza-partiet hans hadde ønskt
seg i valkampen: Det gjaldt å sitje stille i båten og la Orbáns skuldingar om
påverknad frå Brussel renne ut i sanden. Det var best Magyars EU-vener ikkje
blanda seg inn.
Etter at Viktor
Orbán hadde gratulert motstandaren sin med valsigeren sundag kveld, gjekk det under
20 minutt før Ursula von der Leyen skreiv følgjande på sosiale medium: «Ungarn valde
Europa.» Dette var eit land som vende tilbake til «den europeiske vegen sin».
Dagen
etter, ved lunsjtider måndag, føydde ho til: «De klarte det att, trass i all motgangen.» No talte
ho direkte til det ungarske folket. «Akkurat som i 1956, då de tappert gjorde
opprør. Og i 1989, då de var dei første til å kutte piggtråden som delte
kontinentet vårt.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.