JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Gehenna i Tornedalen

Karin Smirnoff er rå når ho skildrar vrangsida av eit nordsvensk bygdemiljø.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Karin Smirnoff har tidlegare arbeidd som fotograf og journalist. Debutromanen hennar vart kåra til årets vaksenbok då bokhandlane delte ut prisar i Sverige i 2018.

Foto: Bonnier Forlag

3700
20220708
3700
20220708

Roman

Karin Smirnoff:

Vi dro opp med mor

Omsett frå svensk
av Monica Aasprong
Bonnier

Vi dro opp med mor er den andre boka i trilogien om Jana Kippo. Bøkene har hatt stor suksess i Sverige, og dei to første er komne på norsk. Dette er beinhard bygderealisme, for ikkje å seie bygdenaturalisme, frå små samfunn nord i Sverige.

Blikket og stemma i bøkene ligg fast hos Jana. Ho og tvillingbroren, Bror, veks opp i ein heim totalt dominert av ein vondskapsfull far som kvar einaste helg drikk seg snydens og denger laus på mor, Bror og husdyra på garden.

Når han blir sliten i armane, snur han seg mot dottera og misbrukar henne seksuelt. Mor læst som ho ikkje ser, ikkje veit, ho lagar mat og broderer bibelvers. Borna nærer med åra eit slikt intenst hat mot faren at dei båe gjer forsøk på å drepe han. Med høygaffel og spade. Smirnoff held ikkje attende på vondskap og brutalitet, men språket er nøkternt.

I den første boka, Jeg dro ned til bror, følgjer vi Jana når ho midt i trettiåra reiser attende til bygda der Bror framleis lever – så vidt, i særs dårleg forfatning. Barndomen deira vert rulla opp i ei mengde grufulle scener. I Vi dro opp med mor får vi vite meir om nettopp mor, om kvifor ho vart som ho vart, når Jana og Bror drar til heimbygda hennar lenger nordaust, i Tornedalen.

Bygdedragen

Det slo meg ikkje før eg las Smirnoffs bøker, at uttrykket «bygdedyret» viser til «dyret» i bibelsk forstand – altså dei beint fram djevelske kreftene som totalt kan dominere intolerante og tronge bygder. I Vi dro opp med mor har bygdedyret est ut til ein eldsprutande drage som held heile bygda i eit totalt og brutalt krampegrep. Tilløp til andre tankar eller måtar å gjere ting på enn dei som er godkjende i frikyrkjelyden som styrer, blir møtt med snerrande mistru og harde sanksjonar. Det minner om IS i sin fanatisme.

Det må ei Jana til for å forsøke å bringe inn litt ljos. Motivasjonen hennar er først og fremst å redde Bror ut av klørne til sekta. På vegen bergar ho fleire spedbarn – det er mange slike i bygda der kvinnene er fødemaskiner – frå vanlagnader, skuleelevar frå bygdeskulens totale einsretting og hundar frå sparkande eigarar. Til slutt bergar ho jammen eit heilt italiensk reisefølge frå å fryse i hel.

Ikkje «less is more»

Smirnoff smør tjukt på. Lesaren heng likevel med til siste slutt. Jana er sympatisk og ei særs feilbarleg heltinne. Soga er fortald med ein intensitet og eit driv som få gjer forfattaren etter. Ikkje minst er styrken her også det gjennomførte og originale språket: knapt og konsist, rett på, utan komma og utan store bokstavar ved namn. Effekten er som å trakke litt hardare på gassen. Språk og innhald er siamesiske tvillingar her.

Apropos gass, teksten er full av bilkøyring, scooterjakt og andre køyrescener. Vi er i det heile i eit maskulint miljø, med rifler, jakt og slakt – og ikkje minst sprit og karsk. Jana er ei lita pingle av ei kvinne. Men ho ordnar opp – for andre. For seg sjølv rotar ho det heller til, særleg i kjærleikslivet. Korleis skal dette gå? Det er med utolmod ein ventar på den tredje og siste boka, som venteleg kjem på norsk snart.

Monica Aasprong har gjort ein formidabel jobb med å overføre den særeigne Smirnoff-svensken til bokmål. Vi dro opp med mor har ganske mange dialektprega replikkar. Aasprong har – naturleg nok – forsøkt ei nordlandsdialekt. Eg er litt i tvil om dette valet, men veit ikkje kva ho elles skulle ha gjort. Det er berre det at dialektar er så veldig stadbundne. Og Helgelandskysten eller Røst er ikkje Tornedalen.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis