JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Gamle og nye skuggar

Bob Dylans nettstrøymde konsertfilm frå 2021 kjem ut på plate.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å finne nye konsertbilete av Bob Dylan er ikkje lett. Difor eit utsnitt frå omslaget til det nye albumet.

3517
20230526
3517
20230526

Rock

Bob Dylan:

Shadow Kingdom

Sony

Då eg høyrde Bob Dylan i ein gammal, staseleg kino i Paris i fjor haust, gjorde ei nostalgisk kjensle av takksemd seg gjeldande, og den kjensla berre voks i løpet av dei sytten songane det varte: Tenk at eg skulle få høyre denne artisten, som har hatt så enormt mykje å seie for meg, endå ein gong, og i storform, med eit framifrå, relativt ferskt album (Rough and Rowdy Ways, 2020) i bagasjen attpåtil, summa det i meg der eg sat.

Det verka ikkje openbert sommaren før, då eg hadde benka meg ein julikveld på sørlandshytta for å få med meg Shadow Kingdom, den virtuelle konsertfilmen i svartkvitt som er ute på plate om nokre dagar (og i skjermutgåve litt etterpå). Dylan, som lèt til å vere avhengig av å turnere for å kunne leve, hadde på det tidspunktet ikkje stått på ein scene sidan 8. desember 2019. Pandemien hadde kasta sine skuggar på konsertverksemda, og eg var ikkje åleine om å lure på om vi nokon gong kom til å sjå han igjen.

Nytt band

Heldigvis hadde artisten og folka rundt han bestemt seg for å gjere noko heilt spesielt med Shadow Kingdom, i staden for berre å filme ei liveframføring av det nyaste materialet. Regissør Alma Har’el inviterte oss inn i noko som skulle emulere ein røykfull, folksam fransk klubb frå ei anna tid, til eit spel i lys og skuggar i beste noir-stil, med lunefulle, overrumplande tolkingar av songar som til dels hadde lege urørte lenge.

Bandet var nytt, med folk som Buck Meek (Big Thief) og Shahzad Ismaily på plass, i ei mima framføring av førehandsinnspelt materiale (som fleire kjelder på nettet vil ha det til vart laga av andre musikarar enn dei vi ser i filmen, inkludert Greg Leisz og Don Was, i Los Angeles). Kor som er, alt var smakfullt og høveleg cinematisk utført, og altså ikkje heilt utan eit slør av mystikk. Kva var dette? Kva skulle skje vidare?

Det veit vi meir om no. Dylan fylte 82 for eit par dagar sidan og er tilbake på sin evigvarande turné, som om litt fører han tilbake til det sørlege Europa. Dylan-senteret ved universitetet i Tulsa, som opna sine omfattande samlingar i fjor vår, arrangerer neste veke «The World of Bob Dylan 2023», som samlar forskarar, kritikarar og musikarar i eit heilt fabelaktig program. Skodespelaryndlingen Timothée Chalamet skal spele artisten i spelefilmen Complete Unknown, som snart skal inn i produksjon. Det kokar på alle plater i Dylan-kjøkkenet.

Banebrytande

Skuggane frå pandemien, som for underteikna var uløyseleg knytte til strøyminga av dette materialet som hending, ser for mange ut til å bleikne bort litt meir for kvar dag. Korleis høyrest Shadow Kingdom ut midtvegs i 2023? Fleire banebrytande versjonar frå plata hadde festa seg i repertoaret då eg høyrde Dylan i Paris.

Likevel er det ei oppdaging å høyre denne musikken på nytt, for også lausriven frå Har’els regi og Lol Crawleys filmfotografi framstår Shadow Kingdom som markant og vital. Songane listar seg liksom inn i noko nytt og kler det akustiske uttrykket – ikkje minst bruken av trekkspel, som tilfører eit kledeleg element av fortauskafé.

Det skulle ikkje overraske meg om fleire av desse songane her framstår i versjonar som vil verte ståande. Ein bør altså ikkje la seg lure av at dette verket ikkje heilt er verken ei konsertplate eller eit nytt studioalbum – Shadow Kingdom vil få ein sentral plass i forteljinga om Dylans seine år.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis