Gamle og nye ekko
Julia Jacklin reiste til Montreal for å spele inn den tredje studioplata.
Julia Jacklin spelar på Parkteatret i Oslo seinhaustes.
Pressefoto
Rock
Julia Jacklin:
Pre Pleasure
Transgressive Records
Kjærleik og tid, det er det som trengst, heiter det i «Love, Try Not To Let Go», andresporet på Julia Jacklins ferske Pre Pleasure: «Time to figure some things out.» Men så enkelt vert det sjølvsagt ikkje likevel. Noko skurrar, heftar ved, skjønar lyttaren: «The echo of my hometown/ the things I never said/ Consumes the space between me/ and everyone I left.»
Det som var, kjem altså i vegen for det som er, i form av eit ekko, eit minne frå fortida. Låten er typisk for det nye albumet, og for Jacklins forteljekunst og blikk for den knappe dramaturgien ein låt på knapt fire minutt tillèt – det dreier seg om ein låtskrivar som kan tematisere det usagde innanfor slike rammer.
Her, som i fleire andre songar på Pre Pleasure, representerer livserfaringane og det dei ber i seg, ein fare for å miste grepet, miste seg sjølv av syne – «I find it hard to keep myself from floating away», syng Jacklin i «Love, Try Not To Let Go».
Noko kjent
Då eg lytta til dette albumet første gong, var det noko attkjenneleg der, utan at eg heilt kunne setje fingeren på kva det var. Så fann eg ut at Pre Pleasure er spelt inn i Montreal, med Ben Whiteley på bass og Will Kidman på gitar, begge kjende frå The Weather Station – noko som gir meining ikkje minst i møtet med nett dei lause pianoakkordane og det elegante, luftige kompet på «Love, Try Not To Let Go».
Og det er fleire canadiske dropar i miksen på den nye plata til den Melbourne-baserte Jacklin. Eit anna vesentleg grep er nemleg dei velplasserte, vellaga strykearrangementa ved Owen Pallett (som mellom anna er kjend frå samarbeidet med Arcade Fire).
Konfronterande
Særleg løftar strykarane avslutningssongen «End of a Friendship», som skildrar den heilt eigne smerta som ligg i det å miste eit vennskap, og ikkje minst «Ignore Tenderness», der honninggløden kontrasterer ei beisk skildring av seksualitet som reiser spørsmål ved kva slags kulturelle og politiske tydingar som vert lagde i eit ord som «samtykke».
At Jacklin lagar rockemusikk som tek opp i seg både store og vonde spørsmål, var tydeleg med framifrå Crushing (2019), der låtar som «Body» og «Don’t Know How To Keep Loving You» hadde ei uvanleg konfronterande kraft.
Har du ikkje lytta til Jacklin før, vil eg tilrå eit møte med både det albumet og det nye av året, for begge vitnar om ein låtskrivar og artist det er verdt å følgje med på i tida som kjem – og bur du i Oslo, bør du vurdere å gå på konsert når artisten spelar på Parkteatret i Oslo 20. november.
Pre Pleasure er ute 26. august.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.
Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons
Elektromagnetisk krigføring
Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.
Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.
Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB
Blottet for etiske refleksjoner
Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.
Teikning: May Linn Clement
Votten
Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.
Foto: Thomas Lohnes / NTB
Paven midt imot
Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.