JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Gælisk, magisk

Ein treng ikkje vera barn for å la seg riva med av barnefilmar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Robyn må halda seg innandørs, slik snille jenter skal.

Foto: Filmweb

2406
20220812
2406
20220812

Teiknefilm

Regi: Tomm Moore, Ross Stewart

Ulvevandrerne

Stemmer: Lilou de Wangen, Oddgeir Thune, Sienna Rosie Schei

Året er 1650, ulvane trugar den irske byen Kilkenny, og Goodfellowe er hyra inn som ulvejeger. Dottera Robyn er minst like glad i å skyta med armbrøsten som far sin, men må halda seg innandørs, slik snille jenter skal. På ein sniktur ut treffer ho Mebh, ei raudhåra jente med spisse tenner, smidige rørsler og eit koppel av ulvar som følge.

Nydeleg

Ulvevandrerne hamnar nok ikkje på Senterungdomen si liste over tilrådd underhaldning, men uansett korleis du måtte stilla deg til ulv, skal du vera hard om du klarar å unngå å verta rørt av denne nydeleg vakre teiknefilmen. Og ja, det er ein teiknefilm, med ein estetikk som ligg langt frå Pixar og Disney sin 3D-animasjon, like kjend som ei gamal eventyrbok eller eit slite Asterix-blad, og dermed uendeleg eksotisk etter dagens standard.

Ein kan lesa store dosar symbolikk inn i Ulvevandrerne, som å leva i pakt med naturen, at slemme autoritetspersonar hersar med folket, eller at ein kan velja å verta den ein vil. Ein kan også berre sjå filmen som ei spennande og rørande forteljing saman med ungane, utan å nemna noko som helst om politikk eller religion.

Ulv, ulv

Handlinga er dels reell, då den skildrar tida då Oliver Cromwell anglifiserte Irland på brutalt vis. Riksforstanderen er bygd på modell av han. Mytane om ulvefolket frå Ossory er også reelle nok, men alt i alt har filmskaparane sjølve valt kva dei vil fortelja, og hovudnerven i filmen er om Robyn klarar å koma ulvane og ulvevandrarvenen Mebh til unnsetning, til trass for at faren er ulvejeger.

Eg tippar dei minste vil synast dette blir i skumlaste laget. Eg hadde sjølv med meg tanteungar på den førre filmen til Moore og Stewart, Sangen fra havet (2014). Då var dei små og storøygde, og det er nesten synd at dei no er tenåringar og høgst sannsynleg ikkje er hyppe på å sjå Ulvevandrerne. Eg trur genuint dei ville sete fjetra, med hjartet i halsen og trillande tårar. Det gjorde i alle fall tanta.

Og om du skulle lura: Den siste ulven i Irland vart skoten i 1786.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kultur-
arbeidar og fast filmmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Uansett korleis du måtte stilla deg til ulv, skal du vera hard om du klarar å unngå å verta rørt av denne nydeleg vakre teiknefilmen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis