Frankofil sjarm
Stavangerbandet serverer fleire perler.
Fint fransk orkester (f.v.): Andreas Barsnes Onarheim, Johan Egdetveit, Eva Bjerga Haugen, Dominique Brackeva og Theodor Barsnes Onarheim.
Foto: Helle Navratil
Jazz / Chanson
Fint fransk orkester:
Tournée générale
Eva Bjerga Haugen, vokal og tangentar; Dominique Brackeva, vokal, trombone og trompet; Johan Egdetveit, trekkspel; Andreas Barsnes Onarheim, gitar, banjo, mandolin og vokal; Theodor Barsnes Onarheim, bass. Balder
Musikkmiljøet i Stavanger er rikt på raritetar. Fint fransk orkester (FFO) er ein slik skapning som det er vanskeleg å setja i bås. Den franske chanson-tradisjonen er eit dominerande trekk ved uttrykket til bandet, men her er element av kabaret, stringswing og balkanmusikk. Dei frankofile i musikkmiljøet har sett kvarandre i stemne og prøver å skapa ein atmosfære som får deg til å tru at du er på Montmartre. Illusjonen er i det minste eit godt klimatiltak.
FFO består av så dyktige musikarar og lagar så spenstig musikk at det tilbakeskodande ikkje blir ei tvangstrøye. Både musikken og tekstane er fylte av humor (ikkje minst «Les trois femme bleues», der dei får hjelp av både Sylvi Listhaug og Siv Jensen), og underteikna, som ikkje har halde gymnasfransken tilstrekkeleg ved like, får sikkert ikkje med seg alt tekstane har å by på.
Tournée générale er ei vidareføring av debutplata Grand Cru (2020). Til og med layouten på omslaget er til forveksling lik, men denne plata er på fleire vis meir interessant. Låtane er varierte, arrangementa har mange fine detaljar, og uttrykket er meir finslipt og elegant. Røystene til Brackeva og Haugen står svært godt til kvarandre. FFO bør opplevast på ein scene, men Tournée générale gjev eit godt bilete på korleis liveutgåva av bandet vil framstå.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.