Teater
Framifrå teater
Idun Losnegård står støtt i ei framsyning som tek vare på Elizabeth Strouts originaltekst.
Idun Losnegård står åleine på scenen, men har meir enn éi rolle.
Foto: Espen Nyttingnes / Teater Vestland
Elizabeth Strout (70) er ein amerikansk forfattar som med romanane sine om Olive Kitteridge og Lucy Barton har vunne store lesarskarar både blant «folk flest» og i meir akademiske krinsar. Med denne omsetjinga, som nyttar ei dramatisering av den skotske dramatikaren Rona Munro, har teateret i Førde som dei første introdusert den pulitzerprisvinnande forfattaren på ein norsk teaterscene.
Og det gjer dei med svært godt resultat. Ikkje berre er Munros dramatisering fin, Idun Losnegård leverer også eit svært godt spel.
Referert dialog
Det som gjer den prislønte romanen Jeg heter Lucy Barton vanskeleg å dramatisere for scenen, er at historia er ein referert dialog mellom mor og dotter som har funne stad fleire tiår tidlegare, og det dei to samtalar om, ligg endå lenger tilbake i tid. Framsyninga blir kalla monolog, men er eigentleg ein dialog mellom dei to der Losnegård elegant og nesten saumlaust vekslar mellom rollene.
Kjenslevart, men heilt usentimentalt fortel Lucy si eiga historie om oppvekst under armod i ein dysfunksjonell familie i ein amerikansk småby.
Ho ligg på sjukehus etter ein operasjon, og heilt uventa dukkar mora opp etter at det ikkje har vore kontakt mellom dei på mange år. Mora klarte aldri å verne borna mot den ofte brutale faren, som kanskje også kan ha misbrukt dotter si.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.