Bok
Fram og tilbake til framtida
Jo Eggens dikt svingar og treffer.
Jo Eggen er lyrikar og gjendiktar.
Foto: Aschehoug
I Stavkirkedikt (2010), Øydikt (2013) og Ruindikt (2017) er reisa ei ramme for Jo Eggens dikt. Også i fjorårets diktbok, Dikt om Sverige, er reisa eit integrert motiv, på fleire plan: Fyrst er det ei reise til ulike stadar i Sverige, samstundes som dikta også fører ein attende til barndomens reise til Sverige på 1960-talet og til framtida ein der og den gong såg for seg.
Sosiale fuglar
Framtida og framsteget handlar om bygginga av blokker og byar, oppførte i lys av den sosiale ingeniørkunstens og sosialdemokratiets framtidsdraum. På sett og vis skriv Eggen om denne framtida idet ho er iferd med å bryte saman.
Det startar med eit dikt om kaiene, eg-et observerer dei ute på røykeplassen. Kaier er sosiale fuglar som søkjer og søv saman i talrike flokkar. Kaiene fungerer som bilete på denne historiske epoken, men kaiene er også skilde frå menneska og den historia dikta krinsar om: «Jeg vil aldri kunne snakke med kaiene/ jeg er en annen enn dem».
«Tida var tida/ tida behøvde tida», står det i eit dikt. For at tida skal verte til ei notid og ei framtid, treng ho eit brot, eit før, slik at den sosiale ingeniørkunsten kunne syne dei lyse romma fram på bakgrunn av noko avfeldig, mørkt og kornete.
Sjølv om dikta søkjer seg attende til framtida, for å undersøkje framtidsbileta, gir dei indirekte også eit taust, iblant også eksplisitt ironisk bod om korleis samtidas naive framtidsbilete fortonar seg, «der Ingen styrer, for tinga/ er jo bare slik de er når de er virkelige/ når de er kvitt sosialdemokratiets båndtvang/ nå springer virkelighetens hund glad og kreativ omkring».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.