Film
For ein katastrofe!
Slik har du aldri sett Nordsjøen før. Vonleg får du heller aldri sjå han slik igjen.
John Andreas Andersen har regissert katastrofefilmen frå Nordsjøen.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Kva har vi lov å vente av ein heilnorsk katastrofefilm? Først og fremst dramatiske scener, spektakulære bilete og fartsfylt action. Der leverer Nordsjøen absolutt.
Effektane og dataanimasjonane toler samanlikning med det beste frå Hollywood, og Nordsjøen – oljefatet vårt – blir truverdig framstilt som eit katastrofeområde av apokalyptiske dimensjonar. Christian Schaanings lydspor og ein effektiv klipperytme understrekar og forsterkar dramatikken og pulsen. Og Pål Ulvik Rokseths kameraføring står heller ikkje tilbake for noko.
Elles er handlinga og personskildringane som i sjangerfilmar flest, føreseielege.
Vi kjenner att klisjeane, konfliktoppbygginga og avslutninga. Det er råd å tenkje seg at drivne manussnikrarar som Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad kunne skrive noko som ville utfordre eller leike med sjangeren.
Det mest overraskande med filmen, men eg veit ikkje om det skal reknast som eit pluss, er at det som skjer ute i Nordsjøen, får utvikle seg så godt som utan at storsamfunnet blir involvert.
For ikkje berre søkk ei oljeplattform på Ormen Lange-feltet, ei rift i havbotnen og fare for eit gigantisk undersjøisk skred trugar heile mat- og oljefatet vårt. Fleire tusen menneske må evakuerast, og ein oljekatastrofe av historisk storleik trugar. Og midt i kaoset det vesle mennesket, i dette tilfellet oljearbeidaren Stian (Henrik Bjelland), som er fanga nede i skaftet på Gullfaks A, som alle andre har måtta forlate i vill panikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.