Intervju

Vil sende asylsøkjarar ut av Europa

Går EU inn for asylbehandling i tredjeland, skal ikkje Noreg vurdere det, då skal Noreg også gjere det, seier Tage Pettersen (H).

EU-landa har opna for at asylsøkjarar i Europa, som her i flyktning- og migrantleiren Kara Tepe på øya Lesvos i Hellas, skal kunne sendast til land utanfor EU for å få søknaden behandla.
Publisert Sist oppdatert

EU-landa sa nyleg ja til asylbehandling i tredjeland og skal i tida som kjem, i forhandlingar med EU-parlamentet om saka. Går det slik landa ønskjer, kan dei framover kome til å avvise asylsøknader så lenge asylsøkjaren kan søkje om og eventuelt få internasjonalt vern i land utanfor EU i staden. Føresetnaden er at landet utanfor EU skal vere trygt for asylsøkjaren.

Statsminister Jonas Gahr Støre har opna for at Noreg kan kome til å verte med på ei slik ordning, om ho vert vedteken i EU.

Høgre har på si side lenge meint at Noreg skal kunne betale for omplassering av asylsøkjarar i trygge tredjeland. Og i Klassekampen sist helg varsla Høgre at partiet framover kan kome til å stramme inn innvandringspolitikken saman med Frp, Sp og KrF i Stortinget, uavhengig av regjeringa.

Så kva tenkjer Høgre om det EU-landa så langt er samde om? Dag og Tid spør stortingspolitikar Tage Pettersen.

– Det er godt å sjå at EU-landa no vågar å ta denne diskusjonen på alvor, for dette er ei utfordring som er heilt umogleg å løyse på eit avgrensa geografisk område. Danmark har vore ein føregangsnasjon i å tenkje nytt. Storbritannia har òg nyleg kome med nye visjonar og mål. Og no har Mette Frederiksen fått stort gjennomslag i EU. Eg trur den einaste farbare vegen er at vi klarar å løfte problemstillinga saman. Sjølv om Noreg ikkje er med i EU, meiner eg vi er heilt nøydde til å henge på.

– Så de er eigentleg heilt samde med Arbeidarpartiet her?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement