Kommentar
Dei snakkar om det heile tida
Når nokon først byrjar snakke om massedeportasjonar, er det vanskeleg å ikkje seie imot. Men det kjennest litt som å gå på limpinnen.
Leiar i Dansk Folkeparti Morten Messerschmidt (t.v.) sa nyleg til Weekendavisen at han ønskjer remigrasjon. I september var den nederlandske politikaren Geert Wilders gjest hos Dansk Folkeparti. Han leiar eit parti som har programfesta remigrasjon.
Foto: Mikkel Berg Pedersen / Ritzau Scanpix via AP / NTB
I statsvitskapen er Overton-vindauget dei spørsmåla som kan bli diskuterte, og dei argumenta som kan fremjast i eit samfunn. Det handlar ikkje om grensene ytringsfridomen set, men om at det som er innanfor dette vindauget, er det vi synest er interessant.
Det som fell utanfor, er dei ideane ingen følgjer opp, argumenta ingen hugsar, og alt dette som berre ikkje kjennest relevant. Med ytre høgres eksplosive framgang i val, på meiningsmålingar og på nettet kjem idear frå den kanten flagrande inn i samfunnsdebatten. Norske folkevalde, både på høgre og venstre fløy, avviser ideen om remigrasjon. Likevel snakkar vi om det.
Det ein har i hjartet
Leiaren for Dansk Folkeparti, Morten Messerschmidt, sa nyleg til Weekendavisen at han ønskjer remigrasjon. Han vil at alle som har fått dansk statsborgarskap dei siste åtte åra, skal måtte søkje på nytt, og no skal søknaden vurderast etter nye kriterium. Leiaren i Dansk Folkeparti krev blant anna at ein dansk statsborgar skal måtte vere «dansk i hjartet».
Då utspelet ikkje overraskande møtte motbør, svarte Messerschmidt at dei andre hadde misforstått. Og slik går det alltid med den som kritiserer remigrasjonspromotørane. Dei hevdar seg alltid misforståtte. Det er så gjennomgåande at eg vil påstå at diskusjonen om kva remigrasjon eigentleg er, er ein del av konseptet. For sjølve ideen er jo eigentleg ikkje til å misforstå: Nokon – fleire hundretusen eller kanskje også millionar menneske – kan aldri høyre til i Europa. Uansett kva dei måtte ha papir på.
Eit moteord
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.