Leiar

Den anti­semittiske gifta

Folk legg ned blomar ved Bondi Beach etter masseskytinga på Sydney.
Publisert

Verdas jødar har fått eit nytt døme på at dei eldgamle fordomane og hatet dukkar opp i alle land til alle tider. No på nytt med massakren i Australia der 15 menneske vart drepne og 40 skadde.

Gjennom historia har jødar vorte skulda for Jesu død, for å forgifta brønnar, dei har vore tvinga til å bu i gettoar, fråtekne borgarrettar, herja med og drepne i pogromar og gassa i hel under holocaust.

Antisemittismen har kome frå både ytre venstre og ytre høgre side. Frå kristne og muslimar. I ekstreme tilfelle får han valdeleg utslag. I dag er det to motpolar, islamistane og dei ekstremt høgreorienterte, som er dei farlegaste. I Australia var det galningar knytte til IS som stod bak.

At dei to terroristane var far og son, er med på å understreka kor ideologisk og religiøs antisemittismen kan vera. Det er som om dei to har sett på terroren som ei plikt, som ein far til og med er viljug til å ofra seg sjølv og livet til sonen for.

Antisemittismen må møtast med kunnskapar for å syna kva vi står andsynes. Det er ikkje antisemittisme å kritisera Israels krig på Gaza. Men kritikken av Israel kan fort gli over i antisemittisme, når ein spelar på klassiske negative stereotypiar om jødar. Det er utilgjeveleg.

Papirutgåva av Dag og Tid kjem ikkje ut i romjula. Neste avis kjem fredag 2. januar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement