Teknologi

Hugs refleks!

Syklistar med refleks som stel energi frå bilen bak.
Publisert

Eg står i enden av La Calle Larois i Málaga. Dei har byrja å pynta til jol med arkadar fylte av glitter og stas som blenkjer imot meg. Eg går heilt inntil, og ser at det er refleks som får det til å skina så vent.

Korleis verkar ein refleks? Korleis klarar ein refleks å reflektera ljos attende til den som sender det ut? Det er berre éin måte å finna det ut på. Knusa nokre refleksar eg har liggjande.

Ein refleks reflekterer attende ljoset frå til dømes bilar. Det er lett å sjå for den som køyrer bil, men det er lett å gløyma refleksen for dei som går. Korleis klarar så ein refleks å senda brorparten av ljoset attende? Dersom me hadde hatt ein spegel dinglande på oss, hadde ljoset berre vorte reflektert når spegelen hadde stått normalt på ljosretninga.

Refleksen som no ligg i bitar føre meg, gjev svaret. Han har ein bikubestruktur, og nedst seks trekantar som to og to sørgjer for at ljos som kjem ned, vert reflektert tilbake. Trekantane har ein vinkel på 45 gradar i forhold til bikubestrukturen og 90 gradar i forhold til kvarandre. Dei er små prisme.

Ljos som vert fanga i bikubestrukturen, kjem om lag direkte frå ljoskjelda. Den fyrste trekanten bøyer ljoset 90 gradar, og neste trekant bøyer ljoset 90 gradar til, slik at ljoset vert sendt attende til ljoskjelda. Denne refleksen er særs effektiv.

Liknande teknologi vert òg brukt på trafikkskilt som skal vera godt synlege. Neste gong du går forbi eit trafikkskilt, så ta ein titt på overflata. Er du heldig, finn du at det er teipa på ein folie som har mikroprismestruktur. Dersom du ikkje ser nokon slik struktur, er det brukt andre og billigare metodar som reflekterer ljoset dårlegare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement