Tryggingspolitikk

Eit diplomatisk stykke Noreg

USAs minkande interesse for Europa er ikkje nemnd i den nye regjeringsplanen. Statsministeren hevdar at USA framleis er interessert i Noreg, og får ekspertstøtte.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) la fram regjeringas plan for Noreg måndag. Den gjennomgåande overskrifta i dokumentet var «trygghet».
Publisert Sist oppdatert

Måndag la statsminister Jonas Gahr Støre fram den første regjeringsplanen for Noreg for perioden 2025–2029 – ein overordna og kortfatta plan som skal erstatte dei meir detaljerte regjeringsplattformene vi har fått servert frå mindretalsregjeringane i seinare tid.

I kapittelet «Trygghet for landet» kan vi lese ein bodskap vi støyter på stadig oftare: Noreg står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrigen.

Det prekære spørsmålet om USA garanterer for vår tryggleik, er derimot ikkje nemnt. Faktisk er ikkje landet som norske politikarar yndar å kalle «vår viktigaste allierte», nemnt ved namn i det heile. Det norske samarbeidet med allierte vert oppsummert på denne måten: «Vår trygghet ivaretas best i samarbeid med andre. Vi skal ta større ansvar for egen og alliert sikkerhet innenfor rammen av Nato og videreutvikle vårt sikkerhets- og forsvarspolitiske samarbeid med EU og europeiske allierte. Regjeringen står sammen med Ukraina for en varig og rettferdig fred.»

– Det mest slåande med denne planen er det som ikkje står der, konstaterer Iver B. Neumann, direktør ved Fridtjof Nansens Institutt, etter å ha lese dei knappe to sidene om tryggingspolitikk.

– Går vi til Danmark, seier dei høgt og klart at USA har vorte ei tryggingsutfordring. Her finn vi ikkje spor av slikt. Her er det ikkje mykje snakk om «det atlantiske», men om «innanfor ramma av Nato». Då er spørsmålet: Kva for eit Nato?

Alliert eller fiende?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement