JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Woody går i barndommen

Det er sjeldan eit godt teikn når gamle folk berre mimrar om gamle dagar. Å vera gamal regissør er ikkje noko unntak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Carolina (Juno Temple) kjem heim att til Coney Island etter eit havarert ekteskap.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

2376
20180112
2376
20180112

Dramakomedie

Regi: Woody Allen

Wonder Wheel

Med: Kate Winslet, Justin Timberlake, Juno Temple, Jim Belushi

Kvardagen endrar seg for den overarbeidde servitøren Ginny (Winslet) og mannen hennar Humpty (Belushi) når dottera hans, Carolina (Temple), vender tilbake til Coney Island etter eit havarert ekteskap. Lyspunktet i tilværet til Ginny er den sjarmerande badevakta Mickey (Timberlake). Denne lukka står i fare for å verta kortvarig når unge, vakre Carolina kjem inn frå sidelinja.

Beina i sentiment

Nostalgi kan vera eit godt grep når det vert brukt heilhjarta og med ein tanke finesse. Når det berre består av klisjear og gule filter, verkar det som eit hastverksprosjekt, like rørande som bleiereklamar eller vekebladnoveller.

I sin 47. film snur han seg tilbake og mimrar skamlaust. Når Allen oppsøker sitt barndomsparadis på Coney Island, er det i full mundur med barbershopmusikk, barmfagre servitriser og ufarlege mafiamenn. Lite er så nærsynt som tilbakeblikk, og det femtitals-New York han presenterer, er like tannlaust som han sjølv hadde vore hadde han vore 82 år på femtitalet. No er ikkje sosial kommentering noko Allen har drive særskild mykje med nokosinne, og det hadde vore meir overraskande hadde han faktisk byrja med det no.

Stillstand

Woody Allen bryr seg ikkje om kva kritikarar meiner. Verre er det at kritikarar mindre og mindre bryr seg om kva han meiner. For no er han verkeleg i ferd med å stagnera. At han framleis får med seg stjerner som Kate Winslet til å spela hovudrolla, er imponerande, men forståeleg. Det samla livsverket hans – når det gjeld filmar, ikkje privatliv, vel å merka – vil stå seg trass i dei siste ti åra på tomgang. Winslet har fått den utakksame rolla som sytete, misnøgd kone utan anna enn dei bleikna draumane om å stå på scena. Ikkje rart Ginny tyr til kjønnslege distraksjonar når dei kjem i form av Justin Timberlake. At Mickey vil ha ei halvgamal dramadronning, er sjølvsagt knapt til å tru. Slikt er berre sannsynleg om ein snur på kjønna. Og akkurat det veit jo Woody Allen ein del om. Om du er fan, går du likevel på ingen måte glipp av noko om du ikkje får med deg Wonder Wheel på kino.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis