JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Verken fugl eller fisk på menyen

Sammen alene slit med å balansera drama og melodrama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vener på hyttetur pratar ikkje nødvendigvis godt saman.

Bilete frå filmen

2290
20210806
2290
20210806

Drama

Regi: Janicke Askevold

Sammen alene

Med: Ida Nilsen, Aleksandra Ørbeck-Nilssen, Eirik Risholm Velle, Ivan Mathias Petersson
Kinofilm

To gamle vener (Nilsen og Ørbeck-Nilssen) møtest, saman med kjærastane (Velle og Petersson), for ei helg på hytta. Gamalt grums møter nytt grums.

Problema

Det er uendeleg sommarleg i Sammen alene – bølgene duvar, himmelen er blå og rosévinen flyt, i motsetning til samtalen. Dei fire kulturmenneska har underleg vanskeleg for å småprata. Det går frå null til hundre, temamessig, og tilbake til null igjen. Det må vera slitsamt å vera så lite gåverik i samtalekunsten og samtidig vera relativt vellukka skapande kunstnarar og forfattarar. Alt vert liggande på overflata, sjølv med dei tyngste temaa, som abort, sjølvmord og død. Det verkar som filmskaparane har hatt lyst å femna om kvart einaste tenkte scenario eit menneske kan gå gjennom, ved at hovudpersonane må ha gått gjennom desse sjølve. Det vert berre for mykje av det kjipe. Kanskje det er meininga at det skal vera kritikk av oss privilegerte, kvite nordmenn som studerer navlen vår som om det var reine hovudfagsprosjektet. Eller skal det vera eit forsøk på å forsvara den kvite middelklassen, at alle kan verta råka av eksistensielt vonde hendingar?

Intensjon eller ikkje, for meg hamnar Sammen alene innunder den ikkje heilt greie melodramakategorien.

Truverdet

At eg ikkje heilt trur på heilskapen, betyr ikkje at filmen er utan underhaldningsverdi – når dialogen er god, som han tidvis er, så skuldast det mykje at skodespelarane får utfalda seg utan å dvela for mykje. Kivinga og kammerpreiket kan nok vera gjenkjenneleg for dei fleste. Det mest truverdige, og kanskje mest nedstemmande, er kor mange elendige forhold som fortset og fortset, til trass for at det faktisk er så opplagt at dei er dårlege for kvarandre. Så nok ein gong blir eg noko forvirra: Er det meininga at eg skal sympatisera med at dei står saman, last og brast, når dei burde avlasta og bresta for lengst? Og mens me er inne på truverd: At opplyste menneske over 18 år har med seg kvitvinen Black Tower som husgåve, går eg berre ikkje med på.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis