Leiar
Meir til politi og barnevern
Barne- og familieminister Lene Vågslid, justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen og arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng møtte 13 sentrale etatar for å diskutere felles innsats mot barne- og ungdomskriminalitet 16. oktober.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Då denne leiaren om statsbudsjettet og ungdomskriminaliteten vart skriven onsdag kveld, kom ei ny sak på topp på NRK-nett: «En 14 år gammel gutt er kuttskadet i ansiktet – etterforskes som drapsforsøk». Det alvorleggjorde temaet på nytt, for å seia det mildt.
Ein skal ikkje overdriva. Det er sjølvsagt eit lite mindretal av borna og ungdomane våre i Oslo og rundt om i landet som driv med valdskriminalitet. Men som regjeringa skriv, er det urovekkjande at vi har ei utvikling der «unge som bryter loven stadig blir yngre, og lovbruddene mer alvorlige».
Fråvær av vald er eit ubetaleleg samfunngode. Vald skapar frykt og ubehag. Og sidan innvandrarungdom er overrepresenterte i valdsstatistikkane, fører det til stigmatisering av det store fleirtalet av innvandrarungdomen som ikkje vil ha noko med denne galskapen å gjera.
Difor var det venta at regjeringa sette av endå meir pengar i statsbudsjettet for å freista å snu utviklinga. Kritikken frå Politiets Fellesforbund er tydeleg: «Neste års budsjett vil ikke svare på det trusselbildet vi står overfor, spesielt med økt ungdomskriminalitet, kriminelle nettverk og trusler mot nasjonal sikkerhet.»
Ein skulle tru at eit politibudsjett for 2026 på 27 milliardar kroner var nok. Men diverre. Etaten slit med låg grunnbemanning av politiutdanna betjentar. Det fører til mykje overtidsbetaling, mykje sjukefråvær og ikkje minst at saker som publikum opplever som alvorlege straffesaker, vert lagde til sides på grunn av mannskapsmangel. Du kan no prøva å melda ein stolen elsykkel til 50.000 kroner og sjå kva som skjer.
Ein eller annan instans bør evaluera pengebruken i Politiet, slik at vi har mest mogeleg objektive data å gå etter når vi diskuterer finansiering av Politiet. For denne debatten vil gå føre seg i årevis framover.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.