Verdsteateret
Ingen stader gjer deg klokare i januar enn Tromsø.
Regissør Carla Simón har laga ei katalansk perle.
Bakgrunn
Fakta om TIFF
Tromsø Internasjonale Filmfestival 12.–19. januar
Avvikla årleg kvar januar sidan 1991
Festivalen viser 138 titlar totalt (92 langfilmar)
I fjor hadde festivalen 61.162 i totalt besøk

Lange køar for å sjå film er eit etter kvart kjent januarkjenneteikn i Tromsø. Her tek folk fri for å gå på kino. Fokus Kino, Kulturhuset og Verdensteateret er hovudarenaer for festivalen, som tek unna over 60.000 publikummarar i løpet av ei veke. Og det kjennest verkeleg som å vera på eit verdsteater. Som alltid undrar eg meg over kvifor verda er som ho er når me har så mykje dokumentasjon på korleis ho ikkje burde vera. Og så mange spelefilmar som viser at størst av alt er ikkje blåkvalen, men kjærleiken.
Summer 1993
(regi: Carla Simón)
Festivalar kivar ofte om å ha flest mogleg førpremierar, og underleg nok sel desse som hakka møk. Det som er synd med det, er at ein kan gå glipp av meir beskjedne produksjonar som aldri får kinodistribusjon. Du kan gå glipp av Summer 1993 fordi du heller vil sjå Den 12. mann. Og det ville vera eit feilskjer. Denne katalanske perla klarar kunststykket å ha barneskodespelarar som ber ein heil film på sine smale, sterke skuldrer. Den underliggande tragedien kring seksårige Frida kviler på kvifor mor døydde. Tidleg på nittitalet var HIV og AIDS framleis relativt nye omgrep fylte med skrekk, og det fanst ingen kur. Trass i deprimerande bakteppe handlar filmen mest om det nye forholdet mellom Frida og familien. Onkelen, kona hans og den vesle dotter deira dannar den framtidige tryggleiken, men vegen dit er ikkje bein.
Angels Wear White
(regi: Vivian Qu)
Varslarsaker er aldri lette. Endå mindre lette vert dei når det er snakk om unge jenter som vert seksuelt misbrukte av eldre autoritetsmenn, og der vitnet ikkje er mykje eldre enn jentene. Det kunne fort vore duka for kjensleorgie og sterke føringar, men her har regissør og manusforfattar Vivan Qu valt å skapa underforteljingar som stadig kompliserer biletet. Det viser også det eg vel å tru er eit realistisk bilete av det moderne Kina: papirlause ungdomar, åleinefedrar, kvinnelege advokatar og aukande materialisme oppi gamaldagse etiske spelereglar. Kvifor handlar me ikkje alltid etter det me veit er riktig? Kanskje fordi i den verkelege verda kan det som er rett for nokon, vera heilt gale for andre. Likevel treng me å tru på at det gode sigrar. Den sigeren lyt ein tolka sjølv i Angels Wear White.
Letters (regi: Marte Vold & Jèro Yun)
Ein av programpostane på TIFF heiter «Norske Horisonter». Her finn ein mellom anna det norsk-koreanske samarbeidet Letters, som kom i stand via talentutviklingsprogrammet CPH:LAB. Marte Vold kan ikkje kallast nykomar, men at ho er talentfull, kan ein absolutt seia. Gjennom filmklipp utvekslar ho og medregissør Jèro Yun liva sine, og med elegant klipping og høgkvalitetsfilming får me ta del i kvardagen slik ho opplever han i Noreg og han i Sør-Korea. Den nesten rørande naive ideen bak minner om brevveksling på barneskulen, kanskje vaksne menneske burde gjera det meir. Uansett er det ein interessant måte å visa kor stor og kor lita verda er. Som tilskodarar på eit verdsteater midt i Tromsø nok ein gong.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.