JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Tannlaus moro

Dei fleste kan lika Solsidan, om det nokosinne var eit kvalitetsteikn.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Josephine Bornebusch som Mickan Schiller i filmen basert på fjernsynsserien.

Foto: Filmweb

2294
20171201
2294
20171201

Komedie

Regi: Felix og Måns Herngren

Solsidan – Filmen

Med: Felix Herngren, Johan Rheborg, Mia Skäringer

Barndomsgjengen og dei inngifte konene deira held fram i filmatiseringa av TV-serien Solsidan som gjekk på svensk og norsk fjernsyn frå 2010 til 2015. Men Alex (Herngren) og Anna (Skäringer) skal gå kvar til sitt, og bestekompis Fredde (Johan) fortviler.

Muzak

For dei som er kjende med TV-serien, er det sjølvsagt ingenting å frykta: Her er same kleine situasjonane, vanskelege venekjemien og statusjaget. Som i alle TV-til-film-produksjonar er det om å gjera å dra med seg hovudkjernen frå serien og mjølka han alt ein kan, utan å verken øydeleggja den opphavlege stemninga eller bryta for mykje med konseptet. Slik er filmatiseringa bra vellukka. Som film, derimot, er Solsidan ein likandes, men like fullt lettgløymd affære – litt som sidespranga til hovudpersonane. Du veit, musikken som strøymer utover høgtalaranlegga på kjøpesentra, musikken som er sett på for å tekkjast flest mogleg utan å verken engasjera eller fornærma, det me i gamle dagar kalla heismusikk – slik er Solsidan.

Illa gumman

Det kunne vore ein film med snert om filmskaparane, som også står for mykje av TV-produksjonen, hadde tort å gjera nokre enkle vriar. Men her er det om å gjera å landa paddeflatt på jorda og for all del ikkje trakka på tær. Det vert gjort mykje narr av både snobberi, fasadehald og desperate biologiske klokker, men blandinga er noko forvirrande. Og det blir det gjerne når ein skal tekkjast så mange som råd er. Svenske komediar er ofte gode på karikaturar, noko dei for så vidt er her òg, men dei er nett som eit par–tre år for seint ute. Dei kunne med andre ord berre gjeve seg då dei la opp TV-serien. No har dei artige karakterane vorte til slappe karikaturar. Balansegangen vart oppretthalden på TV. No har det vippa over til lat latter og ein gamaldags trong til å la ting vera som dei er. Eg blir ikkje forarga, det fungerer heilt greitt som søndagsunderhaldning i sofaen. Heile filmen er som eit lett skuldertrekk eller eit skeivt, trøytt smil. Her er ingen nervar i klem, berre fri flyt av resirkulert humor.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis