Streve over vatna
Richard Storken byr på rett tankegods i lett og lettlikeleg innpakning.
Sporven/storken Richard, kanarifuglen og ugla på tur.
Foto: Euforia film / Den siste skilling
Animasjon
Regi: Toby Genkel, Reza Memari
Richard Storken (orig. tittel: Richard the Stork)
Produsent: Kristine Knudsen
Stemmene til: Haddy Njie, Bjarte Hjelmeland, familien Hoff/Oftebro
Det fyrste sporvungen Richard ser då han kakkar seg ut av egget, er storkemamma Aurora. Foreldra hans vart tekne av eit rovdyr, og han vert no oppdregen i ein storkefamilie. Då dei skal trekka sørover, lyt Richard vera att heime, sidan han ikkje kan flyga så langt, og fordi han kan overvintra lenger nord enn storkane kan. Men han har ikkje tenkt å gje seg så lett, og med to følgjesvener – ugla Olga og undulaten Kiki – reiser han etter.
Salspotensial
Ved fyrste augekast er det lett å tenkja at Richard Storken føyer seg fint saman med det som kjem frå Disney-kontoret på andre sida av Atlanteren. Bruken av søte dyr med store auge, morosame kompisar og ei dramatisk, tåredryppande historie i botn er det neppe fyrste gong du eller ungane ser. Filmen er selt til 150 land og var del av hovudprogrammet i Berlinalen. Reklameplakatane som lyser opp, tyder på at her er det kommersielle krefter på gang. Det gledelege, om du likar at David vinn over Goliat, og det gjer du sjølvsagt, er at dette er langt frå amerikansk import, men snarare eit tysk-norsk-belgisk-luxemburgsk samarbeid der produsenten er vossing og mykje av jobben er gjort i Noreg.
Over stork og stein
Både estetikken, oppbygginga og kjønnsrollefordelingane er relativt konvensjonelle. Det eine unntaket er pygméugla Olga, som får vera både morosam, tullete og tøff og hokjønn. Likevel er sjølve historia om Richard ein original vri på det med å finna tilbake til røtene: Han er jo eigentleg ikkje ein stork. Blod er kanskje tjukkare enn vatn, men vatn treng me alle for å overleva. Kva faktorar må til for at ein skal kunne kalla seg familie? Her er det duka for gode diskusjonar med dei søte små om både familieforeining, adopsjon og opphaldsløyve, men fyrst og fremst kjem ungane til å kosa seg. Som med andre gode barnefilmar treng ikkje dei vaksne frykte at dei kastar vekk tida. Eg trur denne filmen fell i smak i dei fleste aldrar. Det vesle sparket til det å vera i overkant oppteken av sosiale medium vil nok vekka meir latter enn reell bekymring over fenomenet, men også dette kan takast med i debatten med dei minste. Richard Storken – den underhaldande debattfilmen for ungar!
Brit Aksnes
Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg trur denne filmen fell i smak i dei fleste aldrar.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.