JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Sjå kva vi mistar

Kan film påverke haldninga vår til klimakrisa? Kva er i så fall mest effektivt – å syne kor elendig det er blitt, eller å la oss få sjå alt det fantastiske vi risikerer å miste?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Australske Jennifer Peedom tek for seg samanhengen mellom elvar og siviliasjon.

Foto frå filmen

6308
20211029
6308
20211029

Bergen internasjonale filmfestival

20.–28. oktober 2021

Bergen internasjonale filmfestival (BIFF), landets største og viktigaste, er nett avvikla for 22. gong. Som vanleg har det vore ein klimafestival i festivalen, og nokre av dei 15 filmane på programmet får meg til å tru at skremsle ikkje treng vere vegen å gå. Især to dokumentarfilmar er slike visuelle openberringar som kan ta pusten frå deg.

I River syner australske Jennifer Peedom oss den evige samanhengen mellom elvar og sivilisasjon, kvifor dei fleste byar ligg ved elvar eller hav – og korleis vi no øydelegg det livgivande bandet mellom oss og dei blodårene som til alle tider har vore grunnlaget for liv. Og ho lèt majestetiske bilete bli akkompagnerte av symfonisk musikk til ein mektig manifestasjon av kva vatn har å seie for livet vårt og jorda vi lever det på.

Skremmande tap

Bileta får i stor grad tale for seg sjølve, men innimellom skyt forteljarrøysta til Willem Dafoe inn kommentarar og refleksjonar. Filmen får fram korleis denne planetens arteriar har forma ikkje berre jorda, men også oss som bur her. Det poetiske vekslar med det dramatiske, og stundom følgjer kameraet elveløp i strie straumar så det er til å bli sjøsjuk av.

Elva er lett å skade, ikkje like lett å reparere. Oppdemming av store og mindre elvar har i dag nådd eit omfang som påverkar jordrotasjonen. Forureininga i somme land er så stor at elvane gispar etter vatn; det er ufatteleg kor mykje vi har makta å øydeleggje på få generasjonar. Det er som om vi lukkar auga for at livet i elvane våre vil avgjere lagnaden til kommande generasjonar.

Franske Yann Arthus-Bertrand har mykje av det same perspektivet i Legacy. Han har laga fleire vakre naturfilmar, og i den nye tek han oss med på ei hundre minutts ferd gjennom jordas historie der vi i utsøkte bilete får eit inntrykk av byrjinga, av alt det vakre som gradvis voks fram, og det vi framleis har å kvile auge og sinn på. Men samstundes gjer han oss i stadig sterkare grad merksame på dei to store krisene vi alt står i, og som blir forverra år for år – klimakrisa og det skremmande tapet av artsmangfald.

Vi lever i ein søppelsivilisasjon, peikar han på, der tusen artar døyr kvart år og ein million alt er utrydda. Held vi fram på same vis, vil vi i Europa snart få sanne at den verkelege migrantkrisa ikkje har byrja enno. Denne filmen er svært personleg og fylt av eit brennande engasjement som gjer at det blir litt for mykje snakk og for lite biletforteljing, men også Legacy er svært verknadsfull.

Løysingar finst

Det som verkeleg er til å gråte av, er at vi har løysingane – men nyliberale profetar og såkalla ansvarlege politikarar nektar å ta dei i bruk. Slik vi ser skiftande norske regjeringar som blindt vil halde fram med å leite etter olje.

I 2018 møttest 15 leiande forskarar frå ulike fagfelt til ei ti dagar lang idéutveksling i New Mexico. Målet var å få fram løysingar på fleire av tidas største utfordringar. Danske Pernille Rose Grønkjær følgde seansen, og filmen Solutions syner prosessen og tilrådingane desse glupingane kom fram til. Alt ligg godt innanfor det moglege, likevel verkar det så utopisk i dagens politiske verd.

Offer for den menneskelege grådigskapen møter vi i dokumentaren From the Wild Sea, (regi: Robin Petre), som skildrar korleis engasjerte menneske i eit europeisk nettverk freistar hjelpe skadde fuglar og sjødyr som er blitt utsette for den aukande forureininga av Atlanterhavet. Svaner tilgrisa av olje, sel med magen full av plast og bortkommen kval blir tekne hand om. Nokre døyr, andre lèt seg berge.

Kanskje ikkje ein avgjerande innsats i det store biletet. Men det er menneske som gjer noko, og som ser at det kan vere skilnaden på liv og død i vår vedunderlege fauna.

Smått kan det fortone seg, og naivt, også det den nederlandske kunstnaren Renzo Martens sette i gang i Den udemokratiske republikken Kongo, for hundre år sidan øydelagd av belgiske kolonistar. I byen Lusanga ville han etablere ein kunstinstitusjon, som skulle syte for at kongolesarane sjølve sat att med overskotet av dei verdiane dei skapte. Prosjektet gjekk på nokre føreseielege nederlag, ikkje minst fordi utbyttingsekspertar frå gigantiske Unilever ikkje såg seg tente med dette, men Martens gav ikkje opp, og i dag ser det ut som ei suksesshistorie, slik det er skildra i filmen White Cube.

Regional maktfaktor

Anten har vi altfor få sterke kvinner, eller så er det maktsjuke menn som heile tida held dei nede. Men slepp dei fram, og sjå kva som skjer!

I det kvinnefiendtlege India er dalitane, «dei kastelause», på botnen av samfunnet. For om lag tjue år sidan, i regionen Uttar Pradesh, gjekk nokre slike saman om å starte si eiga nyhendeavis, som etter eir drygt tiår blei utvida med ein TV-kanal. Mot alle odds, kraftig motstand og sterke fordommar i eit kjønnssegregert arbeidsliv klarte dei å slå seg fram ved å bringe nyhende som dei etablerte av ulike årsaker ikkje dekte.

I Writing With Fire skildrar Rintu Thomas og Sushmit Gosh især korleis utviklinga gjekk etter at avisa fekk sin eigen TV-kanal i 2016. Frå sjåartal på om lag 100.000 har det stige år for år til 151 millionar i fjor. Langt på veg er dette eit aktivistmedium, som ikkje berre peikar på manglar og urett, men òg tvingar fram endringar. Slik har kanalen blitt ein regional maktfaktor.

Ulike sider ved tilhøva i den forferdelege al-Hol-leiren blir lyfte fram i to sterke, men svært ulike dokumentarfilmar. Den svenske Children of the Enemy (regi: Gorki Glasser-Müller) skildrar korleis Patricio Galvez kjempar for å berge dei sju barnebarna sine ut av leiren, der begge foreldra er døde, og svenske styresmakter gjer lite for å hjelpe. Ei svært rørande historie om botnlaus kjærleik og trott. Sabaya (regi: Hogir Hirori) er forteljinga om korleis ein organisasjon arbeider for å hente ut jesidikvinner frå leiren. Dei var sexslavar for IS-soldatane, men hamna i leiren då kalifatet braut saman. I dristige operasjonar nattetid, med fare for eige liv, bergar dei jesidikvinner og -jenter frå eit liv i fangenskap.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis