Sex, løgn og dumme foreldre
Foreldra er verst i tenåringskomedien Blockers.
Foreldra er med på teite drikkeleikar.
Foto: Quantrell D. Colbert / UIP
Komedie
Regi: Kay Cannon
Blockers
Med: Leslie Mann, Ike Barinholtz, John Cena
Nok ein farse om tenåringar som skal ha sex for første gong, seier du? Kan det bli morosamt? Og viss så: Har filmen noko vektig å seie om temaet? Svaret er at Blockers faktisk lukkast i å vere ein morosam tenåringskomedie som jamvel har friske perspektiv på ein utmatta sjanger.
Sexpakt
Vi skal til ein suburb i Illinois. Tre venninner – Julie, Kayla og Sam – førebur seg til den store High school-avslutninga: skuleballet. Julie, den einaste av jentene som er i eit forhold, har bestemt seg for å miste jomfrudommen denne kvelden. Kayla vil ikkje vere dårlegare og plukkar spontant ut ein gut i kantina. Introverte Sam går motviljug med på «sexpakta».
Foreldrepanikk
Når denne premissen er etablert, tar heldigvis filmen ein kreativ U-sving. Foreldra oppdagar planane og får panikk.
Resten av tida følgjer vi tre av foreldra i den desperate jakta på å hindre barna i å ha sex. Denne jakta inneber «vaksne» som trenger seg inn på ungdomsterritoriet, blir med på teite drikkeleikar og generelt står fram som dei minst fornuftige. Det er mykje å le av her, både i form av fysisk humor og vittige replikkar. Men framfor alt er det forfriskande å sjå ein tenåringskomedie som grip temaet sex-for-første-gong med etisk tyngde og refleksjon.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Komedie
Regi: Kay Cannon
Blockers
Med: Leslie Mann, Ike Barinholtz, John Cena
Nok ein farse om tenåringar som skal ha sex for første gong, seier du? Kan det bli morosamt? Og viss så: Har filmen noko vektig å seie om temaet? Svaret er at Blockers faktisk lukkast i å vere ein morosam tenåringskomedie som jamvel har friske perspektiv på ein utmatta sjanger.
Sexpakt
Vi skal til ein suburb i Illinois. Tre venninner – Julie, Kayla og Sam – førebur seg til den store High school-avslutninga: skuleballet. Julie, den einaste av jentene som er i eit forhold, har bestemt seg for å miste jomfrudommen denne kvelden. Kayla vil ikkje vere dårlegare og plukkar spontant ut ein gut i kantina. Introverte Sam går motviljug med på «sexpakta».
Foreldrepanikk
Når denne premissen er etablert, tar heldigvis filmen ein kreativ U-sving. Foreldra oppdagar planane og får panikk.
Resten av tida følgjer vi tre av foreldra i den desperate jakta på å hindre barna i å ha sex. Denne jakta inneber «vaksne» som trenger seg inn på ungdomsterritoriet, blir med på teite drikkeleikar og generelt står fram som dei minst fornuftige. Det er mykje å le av her, både i form av fysisk humor og vittige replikkar. Men framfor alt er det forfriskande å sjå ein tenåringskomedie som grip temaet sex-for-første-gong med etisk tyngde og refleksjon.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.