JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Quo bygdis?

Fuckings bygda verkar som ein lang kortfilm. Det hadde kanskje ikkje vore nødvendig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Spelefilmdebuten til Frøydis Fossli Moe vann publikumsprisen på Oslo Pix og Oslo Fusion International Film Festival.

Foto: Karoline Sødal Sellæg / Norsk Filmdistribusjon

3059
20240419
3059
20240419

Dramakomedie

Regi: Frøydis Fossli Moe

Fuckings bygda

Med: Mina Dale, Vilde Moberg, Gard Løkke, Maria Wiik
Kinofilm

Unge Mariam (Dale) herjar på i hovudstaden, men må venda tilbake til bygda då systera Katrine (Moberg) ein dag ringjer. Grunnen? Urna til faren vart forbytt då dei hadde gravferd for tre år sidan.

Idyll-dall

Å, som eg lengtar etter sommaren når eg ser denne filmen! Det er som om lukta av granbar, lyng og blomar kjem gjennom lerretet. Bygda lengtar eg òg etter, både mi eiga og det som skulle gjera at ein film får tittelen Fuckings bygda. Om du no tenkjer på den gamle Lukas Moodyson-klassikaren Fucking Åmål (1998), er det forståeleg, men dei har særs lite med kvarandre å gjera, sjølv om dei kunne hatt overlappande tematikk og til tider har det.

Der filmen til Moodyson verkeleg får meg til å tenkja «fuckings bygda», er det gjort forbausande lite ut av dette i Fuckings bygda. Ja, me skjønar at Mariam har eit anstrengt forhold til Gudbrandsdalen, såpass at all dialekt har forsvunne på tre år og ikkje blir ørlite vekt til live når ho kjem heim att. Men det er også bygdeskildringar som uteblir nok til at eg stussar på at bygda er så fuckings – systera bur i eit idyllisk moderne hus som teke ut frå eit arkitektblad, venene Ask og Siri er også idylliske og moderne og som tekne ut frå ein Instagram-konto. Det er ikkje mykje bakstreversk bygd over noko – det mest bygdis-aktige er Mariam sjølv, med sitt hardnakka forsøk på å ikkje vera bygdis. Og akkurat det er for så vidt ganske truverdig.

Fuckings bygda (forfilm)

«Fuckings bygda kjennest som ein sjanse som glapp.»

Ingen røyk

Regissør og manusforfattar Frøydis Fossli Moe har vunne prisar både for denne og for kortfilmane sine før. Dei er fine, dei to systrene som berre har kvarandre, i spelefilmdebuten til Moe. Eg kunne tenkja meg å vita meir om dei. Det er ingenting i vegen med å lesa mellom linjene, men her er det mykje linjeskift og mindre tekst. Det er lite utvikling i personlegdomane, alt snakk og kjekling fører ikkje til meir forståing. Me skjønar jo at dei skal vera ulike, men kor er djupna?

I staden har dårlege vitsar fått god plass, i tillegg til relativt innhaldslaus dialog som bidreg lite til å kasta lys over fortida og den kan henda/ tydelegvis høgt elska far deira. Gitarspeling i naturen gjev meg ekte assosiasjonar til ei svunnen ungdomstid, fordi me alt då gjorde narr av nettopp det å dra fram gitaren i fylla, som om det nokosinne var ein god idé. Det funkar heller ikkje på film i 2024, viser det seg.

Det er også tydeleg at røyking på film er in igjen, berre då synd at det ser ut som Mariam, som tydeleg skal vera ein innbarka røykjar, verkeleg ikkje kan røykja ... (helsing gamal bygdis). Det kunne vore opptakten til så mykje, men Fuckings bygda kjennest som ein sjanse som glapp, ei historie me berre fekk sjå overflata på, om enn ei fin og sommarleg overflate.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis