«Når befrielsen kommer utfordrar den rettskafne helteforteljinga.»
Filmen er basert på ei sann historie frå slutten av andre verdskrigen.
Foto: Andreas Bastiansen
Drama
Regi: Anders Walter
Når befrielsen kommer
Med: Pilou Asbæk, Lasse Peter Larsen, Morten Hee Andersen
Kinofilm
Hippokratiske dilemma
Kven er fienden når den som treng hjelp, er eit menneske?
Krigen går mot slutten, og hundretusenvis av tyske flyktningar treng ein plass å gjera av seg. Okkupasjonsmakta Tyskland påla danskane å husa flyktningar, og ein av dei var Ryslinge Højskole på Fyn. Rektor Jakob (Asbæk) får brått både vrine nazistar og vrine kollegaer å ta omsyn til. Og sanningsvitne til den forvirrande gråsona er den vesle sonen, Søren (Larsen).
Helt eller delt
Molltonane smyg seg inn alt før fyrste bilete er på lerretet, og det er aldeles tydeleg at her skal me bli førte gjennom ein film av typen me har sett mange gongar før: andre verdskrig, motstandsrørsla og skadelidande barn, godt blanda saman for å røra hjartestrengane våre.
Men så er Når befrielsen kommer eit gledeleg hakk over dette, for sjåaren må heile tida tenka: «Kva ville eg gjort?» Det er ikkje ei rein heltedyrking av alle som var motstandsfolk. Dette var også tilfellet i Kampen om Narvik (2022). Sjølv om dei begge spelar på små fiolinar og altfor rein og pen garderobe, framhevar dei kompleksiteten, og særleg eg som ikkje har opplevd krig(en), har godt av å tenka over kor feil valet mellom svart og kvit er, når grå er den dominerande fargen.
«Filmen har vore ein velfortent og forståeleg publikumssuksess i Danmark.»
Når befrielsen kommer (forfilm)
Realistisk
Hadde det berre vore slik at naud og krig fekk fram det beste i oss! Men kva tid var det bra for menneskeslekta å måtta velja mellom ven og fiende? Polarisering er med rette eit stygt ord, og Når befrielsen kommer får dette fram på ein klok måte. Særleg sett gjennom barneauge blir moral avgjord av dei sterkaste i skulegarden, ikkje av ein slags innebygd mekanisme me så edelt skal ha fått medfødt.
Vesle Søren blir sterkt spelt av Lasse Peter Larsen, og ein del av scenane er verkeleg til å bli knust av. Ingen barn skal måtta gjennomgå noko på den måten både han og dei tyske flyktningbarna må, og så veit me så vel at det må dei – dag etter dag, også i 2024. Menneskelege dilemma kan verta umenneskelege når du må ta omsyn til politikk og nasjonalitet.
Når befrielsen kommer utfordrar den rettskafne helteforteljinga, men held seg elles trufast til den klassiske krigsfilmestetikken. Filmen har vore ein velfortent og forståeleg publikumssuksess i Danmark, og sjølv om nestenhistoriske filmar skal takast med ei klype salt, er problemstillingane her skremmande reelle og overførbare.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.