JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Mellom tragedie og komedie i Midtvesten

Årets store Golden Globe-vinnar innfrir ikkje heilt forventningane.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mildred (Frances McDormand) som har mist eit barn, tek eit oppgjer med lensmannen (Sam Rockwell).

Foto: Merrick Morton / Twentieth Century Fox

1809
20180119
1809
20180119

Krimkomedie

Regi: Martin McDonagh

Three Billboards Outside Ebbing, Missouri

Med: Frances McDormand, Sam Rockwell, Woody Harrelson

Tyngd av sorg og sinne etter det uoppklarte drapet på dottera bestemmer Mildred (McDormand) seg for å ta saka i eigne hender. Ho leiger tre reklameplakatar på ein forlaten landeveg og formulerer eit retorisk spark mot politisjefen Willoughby (Harrelson), som ho meiner ikkje har gjort nok for å finne drapsmannen. Det er starten på ein ufin kamp mellom Mildred, Willoughby og den lause kanonen i filmen, polititenestemannen Dixon (Rockwell).

Den irske dramatikaren Martin McDonagh er glad i å blande røff humor og brutal vald med medmenneskeleg varme – og gjer det også her. Det er med andre ord velkjent terreng for Frances McDormand, over 20 år etter Fargo, ein film som betre enn nokon para bestialske drap og naiv landsbymentalitet. Til liks med den iskalde tundraen i Minnesota er ikkje Ebbing i Missouri akkurat verdsnavlen. Rasisme, fattigdom og dumskap går att.

McDonagh set opp eit godt byggverk der forteljinga har ein interessant årsak og verknad-logikk. Ei handling får følgjer, som igjen fører til nye handlingar. Det er særleg denne tå-til-tå-kampen mellom Willoughby og Dixon på den eine sida og Mildred på den andre som driv handlinga framover. Three Billboards er på det svakaste når det heile skal avrundast. For kva betyr eigentleg det vi har sett? Fint lite, dessverre, bortsett frå nokre vittige replikkar, ein liten tanke om at (meir) vald kanskje ikkje er løysinga, og ja da: godt skodespel. Men anna hadde eg ikkje venta av eminente folk som Rockwell og McDormand.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis