JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Lastverksarbeid

Rett vest er eit irriterande lettvint drama som kan henda skal vera komedie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingar Helge Gimle spelar faren til Kasper (Benjamin Helstad). Saman dreg dei på quiltekurs til Ona.

Foto: Tour de Force

3165
20180105
3165
20180105

Drama/Komedie

Regi: Henrik M. Dahlsbakken

Rett vest

Med: Benjamin Helstad, Ingar Helge Gimle, Anne Krigsvoll

Etter at kreften tok mora, har Kasper (Helstad) problem med å tilpassa seg. Forholdet til faren (Gimle) kunne også vore betre. I eit forsøk på å bøta på skadene tek dei to til landevegen for å fullføra det store prosjektet til mora: deltaking på NM i quilting på øya Ona.

Lappeteppe

Road movie om far og son – det vert diverre ikkje meir originalt enn det høyrest ut som. At faren likar å kle seg i damekle, vert ein dvask vri på det konvensjonelle far­–son-dramaet og i grunnen nesten flaut overflatisk. Bland inn litt uskuldig transetematikk for kontemporær aroma og latterframkalling, liksom. Det heile verkar lettvint; lettvinte karakterar, lettvinte situasjonar, lettvint film. No høyrest eg kanskje unødvendig provosert ut, og på ein måte stemmer det. For kva er det å asa seg opp over at ein middelmåtig film når kinoen? Det er då saktens ikkje den einaste. Men alt i starten, då vanlegvis fabelaktige Trine Wiggen lirer ut av seg ei floskelregle (den einaste gongen eg faktisk er overtydd om at det er gjort bevisst), kjenner eg irritasjonen. Med snaue ein time og femten minutt synest eg framleis at opptil fleire scener kunne vore kutta.

Umotivert

Regissør, produsent og manusforfattar Henrik M. Dahlsbakken har vist seg å vera særs produktiv og eit namn å merka seg. Han har muligens dårleg tid med å gjera seg endå meir lagt merke til. Særleg manus hadde hatt godt av nokre ekstra gjennomgangar. Det er ikkje lett for skodespelarane å levera replikkar som er så opptogne at det minner om mos: Vinen går rett til hovudet, kjøtet smeltar på tunga, Gene Krupa er verdas beste trommis. Er det med vilje så overlest av klisjear? Viss så, lyt eg seie eg ikkje skjønar kvifor. Og skal det vera symbolsk at dei reiser til Ona fyr? Bestseljarboka til Ingebrigt Steen Jensen med same namn har ein undertittel som kunne vore brukt også i Rett vest: «For den som vil lykkes sammen med andre.» Bodskapen i filmen er like sliten og velbrukt som Noregs mest kjente motivasjonskurs.

Lovande mann

Nokre gonger prøver ein for hardt, og resultatet blir anstrengt og halvvegs. I Rett vest er resultatet det same, men med kjensla av at Dahlsbakken ikkje har prøvd meir enn halvvegs. Det kan uansett tyda på at det kan koma gode ting frå den fronten på sikt. Både Cave og Sensommer, to totalt ulike filmar, fekk han sett opp på kino i fjor, og året før debuterte han som langfilmregissør med Å vende tilbake, framleis berre i midten av tjueåra. Evna til å få gjennomført idear av alt mogleg slag har han. Med ein imponerande stall av skodespelarar rundt seg (dei mange smårollene i Rett vest vert spelte av etablerte og dyktige folk) og sans for både estetikk og kameraføring, står det berre på at kombinasjonen med eit gjennomarbeidd manus kan lyfta det opp på eit anna nivå. I mellomtida set eg ein parantes rundt denne siste.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Særleg manus hadde hatt godt
av nokre ekstra gjennomgangar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis