Kald krigs kviskring
Ett minutts stillhet fangar Aust-Tyskland i 1950-åra på lettvint og melodramatisk vis.
Ingen av elevane bryt stilla.
Foto: Julia Terjung / Storytel
Drama
Regi: Lars Kraume
Ett minutts stillhet (orig.tittel: Das Schweigende Klassenzimmer)
Med: Leonard Scheicher, Tom Gramenz, Lena Klenke
I 1956, fem år før Berlin-muren delte Europa mellom aust og vest, tok ei gruppe elevar i Aust-Tyskland (DDR) til motmæle mot styresmaktene. I solidaritet med det ungarske opprøret mot den sovjetiske invasjonen gjorde dei... ingenting. I ein klassetime lét elevane vere å snakke i eitt minutt. Det sosialistiske DDR-regimet såg på dette som ei kontrarevolusjær handling og straffa elevane. Ett minutts stillhet fangar den sanne historia i eit Europa i kald krig.
Eg veit ikkje kor empirisk korrekt alt i Lars Kraumes film er. Eg vil tru at det er gjort ein del dramaturgiske val for å spisse historia endå meir. Filmen startar med at kameratane Theo (Scheicher) og Kurt (Wächter) tar toget til Vest-Berlin, der dei får høyre om opptøyane i Ungarn og det brutale motsvaret frå Sovjetunionen.
Ett minutts stillhet har ein estetisk fin tidskoloritt, med vakre, unge menneske. I sterk kontrast til det grå og grufulle DDR-systemets tyrannar, blir ungdommane for helgenar å rekne. Dette er ein eindimensjonalitet som filmen tapar på. Likeins samfunnet som blir skildra. Var det verkeleg så trist å vere arbeidar i DDR?
Eg har stor sans for, la oss kalle det, klasseromsfilmar: filmar som nyttar diskusjonar i klasserommet til å seie noko større om samfunnet (som franske Klassen). Ett minutts stillhet når aldri slike toppar og fell i staden for klassiske melodramatiske grep som strykartung musikk, eit trekantdrama mellom Theo, Kurt og medeleven Lena (Klenke) som likevel er påfallande lettvint løyst, og hendige plottløysingar undervegs. Ett minutts stillhet spenner bein under klasseromsstolane og går fort i gløymeboka.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er frilans kulturjournalist og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.