«Humor og alvor suverent blanda»
Feiarane, spelte av Jan Gunnar Røise og Torbjørn Harr, overraskar kvarandre i lunsjpraten.
Foto: Arthaus
Drama
Regi: Dag Johan
Haugerud
Sex
Med: Jan Gunnar Røise, Torbjørn Harr, Siri Forberg, Birgitte Larsen
Kinofilm
La den rette koma inn
Humor og alvor er suverent blanda i den nyaste filmen til Dag Johan Haugerud.
To feiarar sit på eit lunsjrom, så seier den eine til den andre... Det kan nesten høyrast ut som ein vits, men i staden er det starten på å vera fluge på veggen når feiar 1 (Harr) fortel feiar 2 (Røise) om ein forvirrande draum, og feiar 2 toppar det heile med å fortelja at han hadde sex med ein mann etter eit jobboppdrag.
Er han homofil plutseleg? Vil feiar 1 eigentleg vera kvinne? Kva er det som definerer utruskap når det kjem til stykket? Og er det OK for sonen til feiar 1 å få sin eigen YouTube-kanal? Alle desse store spørsmåla – og svara – blir opp til sjåaren. Køyr debatt!
Sex, Drømmer og Kjærlighet – forfattar og regissør Dag Johan Haugerud er ikkje skvetten når han går i gang med filmtrilogi. Etter å ha sett fyrste bolk gler eg meg til å sjå kva draumar og kjærleik vidare betyr for personane i filmane. Kor mykje sex har å seia for eit forhold, kan diskuterast, og det er nettopp det feiar 2 og kona gjer.
At ein mann ligg med ein annan mann utan å sjå på seg sjølv som homofil, er ikkje daglegdags tema i filmar eller i samtalar generelt, torer eg påstå. At tanken må streifa relativt mange, torer eg òg påstå må skje oftare enn me høyrer om.
Siste påstand: Veldig få som verkeleg hadde hatt godt av denne filosoferande samtalestunda, kjem til å sjå Sex. Trass i arbeidarklassebakteppet er filmen er så pepra med middelklassetematikk at han nesten blir parodisk til tider. Tidsbileta drysser nedover dialogen og både daterer og udøyeleggjer filmen på same tid. Utanfrå-blikket er uansett nysgjerrig og velmeinande – og heldigvis humoristisk.
«Også Sex er proppfull av fine filmatiske hyllester.
Skodisane
Anne Marie Ottesen dukkar opp i den mest kostelege rolla, som fastlegen frå skjærselden – dels progressiv, dels gamaldags og 100 prosent veldig morosam. Den vesle sidehistoria om tatovering bidreg til at filmen blir leiken og lett oppi det ganske tunge gjennomgangstemaet. Eller, tungt og tungt, om ein likar snakkefilmar og ikkje lir av berøringsangst, så er jo Sex reine underhaldningsfilmen.
Eit sidetema til den raude tråden «heterofil mann har sex med mann» er «normal fyr er kristen» – kva er eigentleg mest flautt å innrømma? Det blir ikkje meir norsk 2020-åra enn dette. Jan Gunnar Røises fabelaktig lidande ansiktsuttrykk kallar vekslande på latter og tårer, og Torbjørn Harr er uvanleg god. Ikkje at dei ikkje er gode skodespelarar som det er, men eg tippar at Dag Johan Haugerud, både i kraft av manus og regi, får fram det ekstra truverdige og ektefølte.
Økern, baby
Nesten like mykje som eit konversasjonsdrama om mannleg seksualitet og religiøsitet er Sex eit portrett av ein by i endring: Drabantby-Oslo og Økern gneistrar gjennom linsa til filmfotograf Cecilie Semec, trafikkmaskina som snor seg forbi nye blokker, som ein gong skal bli eit ekte nabolag, og som alt rommar barndomsminne for den yngste generasjonen.
Haugerud har alltid eit tydeleg stort hjarte for Groruddalen og a-endingsbydelane utanfor ring 3. Også Sex er proppfull av fine filmatiske hyllester. Det fyldig produserte, nesten overdådig jazzprega lydsporet av komponist Peder Kjellsby bidreg endå tyngre til å føla på ein slags moderne nasjonalromantikk, ein beinveges nostalgi for det nye. Og oppi dette kan ein fundera over korleis ein eigentleg skal definera utruskap. Eg gler meg alt til neste del.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.