Her er den vakraste filmen du vil sjå i år
Ein sommar i Italia er ramma for dette sanselege, romantiske og rørande dramaet.
Elio (Chalamet) og Oliver (Hammer) finn kvarandre.
Foto: United International Pictures Foto: United International Pictures
DRAMA
Regi: Luca Guadagnino
Call Me By Your Name?
Med: Timothèe Chalamet, Armie Hammer, Michael Stuhlbarg
Call Me By Your Name er historia om to unge menn som utviklar eit romantisk forhold. Det er også ei historie om oppvekst, utforsking og oppdaging.
Handlinga er lagd til ein villa i Nord-Italia i byrjinga av åttitalet. Huset tilhøyrer eit elskverdig akademisk ektepar og den 17 år gamle sonen deira, Elio (Chalamet). Kvar sommar inviterer dei ein lovande student til huset. Filmen opnar med at Oliver (Hammer), ein mann i midten av tjueåra, stig ut av taxien som familiens nye sommargjest.
Elio er gravitasjonspunktet i filmen. Vi ser Olivers framkomst frå hans synsvinkel. Vi ser lysta, lengten, sjalusien og skamma i han. Vi ser han tvile og gråte. Vi ser at foreldra ser kva som skjer med han. Og vi ser at dei er gode foreldre. Det sterke blikket for dei små, mellommenneskelege detaljane er noko av filmtriumfen.
Ja, regissør Luca Guadagnino kan skuldast for å vere overestetisarande når han legg så stor vekt på måltid, sigarettar, sykkelturar, natur og åttitalsmusikk. Er det eit altfor idyllisk portrett av ein familie og omgjevnadene? Kanskje, men det plagar meg ikkje, all den tid Call Me By Your Name er så lada med emosjonell sanning og moralsk visdom. Det heile får sitt klimaks i filmens suverene sistedel, som gjer at du sit med ei kjensle av at dette er livet, slik er den første kjærleiken. Du vil aldri gløyme han, eller kome heilt over han.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
DRAMA
Regi: Luca Guadagnino
Call Me By Your Name?
Med: Timothèe Chalamet, Armie Hammer, Michael Stuhlbarg
Call Me By Your Name er historia om to unge menn som utviklar eit romantisk forhold. Det er også ei historie om oppvekst, utforsking og oppdaging.
Handlinga er lagd til ein villa i Nord-Italia i byrjinga av åttitalet. Huset tilhøyrer eit elskverdig akademisk ektepar og den 17 år gamle sonen deira, Elio (Chalamet). Kvar sommar inviterer dei ein lovande student til huset. Filmen opnar med at Oliver (Hammer), ein mann i midten av tjueåra, stig ut av taxien som familiens nye sommargjest.
Elio er gravitasjonspunktet i filmen. Vi ser Olivers framkomst frå hans synsvinkel. Vi ser lysta, lengten, sjalusien og skamma i han. Vi ser han tvile og gråte. Vi ser at foreldra ser kva som skjer med han. Og vi ser at dei er gode foreldre. Det sterke blikket for dei små, mellommenneskelege detaljane er noko av filmtriumfen.
Ja, regissør Luca Guadagnino kan skuldast for å vere overestetisarande når han legg så stor vekt på måltid, sigarettar, sykkelturar, natur og åttitalsmusikk. Er det eit altfor idyllisk portrett av ein familie og omgjevnadene? Kanskje, men det plagar meg ikkje, all den tid Call Me By Your Name er så lada med emosjonell sanning og moralsk visdom. Det heile får sitt klimaks i filmens suverene sistedel, som gjer at du sit med ei kjensle av at dette er livet, slik er den første kjærleiken. Du vil aldri gløyme han, eller kome heilt over han.
Sondre Åkervik
Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.