JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Frykt og avsky i Hellas

Eller korleis lage dokumentar om eit nazistisk parti og vanskelege intervjuobjekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Regissør Håvard Bustnes har følgt høgreekstremistar i Hellas i fire år.

Foto: Storytelling Media

1864
20180406
1864
20180406

Dokumentar

Regi: Håvard Bustnes

Hatets vugge (orig.tittel: Golden Dawn Girls)

Med: Ourania Michaloliakou, Håvard Bustnes

Kva har skjedd med Hellas, undrar filmskapar Håvard Bustnes og rettar kameralinsa mot det innvandringsfiendtlege partiet Gyllent Daggry. Etter valet i 2015 vart dei Hellas’ tredje største parti og fekk 17 medlemmar i parlamentet – medan patriarkane i partiet satt fengsla.

Att stod tre kvinner – ei dotter, ei kone og ei mor – som dreiv valkamp for mennene på imponerande vis. Bustnes har verkeleg fått tilgang til desse personane, både på privaten og i det offentlege rommet. Men heilt frå start av er det tydeleg at han har ein vanskeleg jobb: Han vil høyre at Gyllent Daggry er eit nazistisk parti. Kvinnene vrir på spørsmålet.

Som intervjuar tar Bustnes stor plass. Han lar kameraet gå før og etter kvinnene trur dei blir filma. Han er aktiv og deltakande, men får ikkje dei svara han vil ha. Den gjentakande konfrontasjonen blir slitsam i lengda, og går, trur eg, utover det nære portrettet dette kunne vore av tre kvinner.

Bustnes er humanist, utbasunerer han avslutningsvis. Den eine kvinna, Ourania, er tydeleg lei av nazispørsmålet. Bustnes er frustrert over at ho aldri kastar maska og gir han noko ektefølt og personleg. Vel, dokumentaren viser oss kvifor Bustnes aldri får fram personlegdommen deira. Han går seg fast i eigne prinsipp. Han har undra seg over kva som skjer med Hellas, men han har også prøvd å forstå tre kvinner utan å få det til. Bustnes gir ei interessant innføring i Gyllent Daggrys veg fram i gresk politikk. Men som dokumentar lir filmen av ei manglande stringent forteljing, og openheit til den kreative prosessen.

Sondre Åkervik

Sondre Åkervik er student, skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis