JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Frå verre til vondt

Jakta på fæle meksikanarar held fram i ein oppfølgjar som garantert får ein oppfølgjar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den andre Sicario-filmen framstiller ei krise verre enn fantasien tillèt.

Foto: Richard Foreman Jr. / SMPSP

1901
20180706
1901
20180706

Action

Regi: Stefano Sollima

Sicario 2: Soldado

Med: Benicio Del Toro, Josh Brolin, Isabela Moner

Cowboy-agenten Matt (Brolin) og den hemnlystne, lyssky oppdragsmannen Alejandro (Del Toro) skal nok ein gong gje seg inn i dei mørkaste krokane av amerikansk etterretning. I denne står menneskesmugling i sentrum i det som er ein actionpakka oppfølgjar til narkokartellfilmen Sicario (2015).

Enkelt og vanskeleg

Medan den fyrste filmen var regissert av Denis Villeneuve, har den nye regissøren, Stefano Sollima, strippa ned mykje av dei etiske problemstillingane med det å vera etterforskar og heller laga ein relativt streit actionfilm. Sollima og Villeneuve har nok begge vore kloke val, om enn på to ulike vis. Det må seiast at den fyrste filmen var ein langt meir raffinert sak der ein verkeleg måtte ta inn over seg djevelskapen og kva ein gjer i kampen mot noko så tilsynelatande uoverstigeleg som narkotikahandelen og alt den fører med seg. Såleis burde ein oppfølgjar om menneskesmugling vore endå meir brutal, men her har då altså Sollima (kjend for serien Gomorrah (2014) og Suburra (2015)) valt å leggja seg på ei linje der bortføring av dottera til kartellkongen Carlos Reyes blir drivkrafta.

Einsemd på spansk

Kva er verdien av eit liv? Begge filmane kan få ein til å gråta over verdas urett og kva for nokre vondskapsfulle dyr me menneske er. Sicario 2: Soldado stikk likevel ikkje så djupt, noko eg personleg er glad for, då eg framleis har arr etter å ha sett fyrstefilmen. Narrativet er enklare, tempoet høgare, musikken akkurat lik, summen er ei noko meir overflatisk framstilling av ei menneskeskapt krise verre enn din villaste fantasi. Hadde eg berre kunna roa meg med at det berre er på film.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar
og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis