Då Cuba vert invadert av zombiar, insisterer styresmaktene på at det er dissidentar finansierte av CIA, i filmen til Alejandro Brugués.
Fotballen forsvann frå TV 2 Sumo sist veke. No kan ein heller heia på den sjarmerande roboten WALL·E. Pixar-filmen WALL·E frå 2008 er lagd til etter apokalypsen.
Figuren vi følgjer, har berre selskap av ein trufast og kjekk kakerlakk. Ein dag kjem den lekre roboten Eva frå skyene i ein moderne farkost, og den rustne ringreven i hovudolla blir med til ei romferje i ein fjern galakse, der menneska ligg framom kvar sin skjerm, som vi.
Den grenselause romantikaren WALL·E er ein genialt animert og skriven figur. Aldri har eg hatt meir medkjensle med maskiner. Humoren er frisk og fin. WALL·E vinn hjarte i alle aldrar. Filmen finst òg på ViaPlay, for dei som saknar Meisterliga og Bundesliga.
Framifrå film noir
For filmnerdar er det eit stort tap at cinematek og filmklubbar har stengt i heile Noreg. Heldigvis har vi den kløktig kuraterte nettstaden Mubi. Blant dei tretti titlane dei til kvar tid tilbyr, finn ein no fleire filmar av Louis Malle. Sjå først klassikaren Heisen til skafottet frå 1958. Dette er film noir på sitt beste, med stram stil og stor spenning. Jeanne Moreaus rolle som femme fatale skaut henne mot stjernene. Miles Davis debuterte som filmkomponist med eit lekkert lydspor. Ein anar at den franske nybølgja er på veg. Mubi viser filmen ei veke til, medan andre meisterverk kjem til, blanda med ferske festivaltitlar.
Karibisk apokalypse
Om det no er apokalypsen som er over oss, satsar vi på at ein god lått gjer livet lengre. Få er flinkare til å le av elende enn kubanarar. Zombiekomedien Juan de los muertos (2011) av Alejandro Brugués spelar på britiske Shaun of the Dead. Cuba blir invadert av zombiar, men styresmaktene insisterer på at dei er dissidentar finansierte av CIA. Den skarpsindige Juan gjer som folk plar i krisetider, han tek betalt. Tenesta han tilbyr, er å drepe smitta familiemedlemmar for folk i fare. Så mørk er kubansk humor.
Filmen er kjempekjekk. Dei politiske og kulturelle vitsane er betre enn slapsticken og underbuksehumoren, men heilskapen er herleg. Filmen finn du som Juan of the Dead på Vimeo On Demand.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.