JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

For ein katastrofe!

Slik har du aldri sett Nordsjøen før. Vonleg får du heller aldri sjå han slik igjen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
John Andreas Andersen har regissert katastrofefilmen frå Nordsjøen.

Foto: Nordisk Film Distribusjon

2276
20211029
2276
20211029

Drama

REGI: JOHN ANDREAS ANDERSEN

Nordsjøen

MED: KRISTINE KUJATH THORP, ROLF KRISTIAN LARSEN, ANDERS BAASMO, HENRIK BJELLAND, BJØRN FLOBERG

Kva har vi lov å vente av ein heilnorsk katastrofefilm? Først og fremst dramatiske scener, spektakulære bilete og fartsfylt action. Der leverer Nordsjøen absolutt.

Effektane og dataanimasjonane toler samanlikning med det beste frå Hollywood, og Nordsjøen – oljefatet vårt – blir truverdig framstilt som eit katastrofeområde av apokalyptiske dimensjonar. Christian Schaanings lydspor og ein effektiv klipperytme understrekar og forsterkar dramatikken og pulsen. Og Pål Ulvik Rokseths kameraføring står heller ikkje tilbake for noko.

Elles er handlinga og personskildringane som i sjangerfilmar flest, føreseielege.

Vi kjenner att klisjeane, konfliktoppbygginga og avslutninga. Det er råd å tenkje seg at drivne manussnikrarar som Harald Rosenløw Eeg og Lars Gudmestad kunne skrive noko som ville utfordre eller leike med sjangeren.

Det mest overraskande med filmen, men eg veit ikkje om det skal reknast som eit pluss, er at det som skjer ute i Nordsjøen, får utvikle seg så godt som utan at storsamfunnet blir involvert.

For ikkje berre søkk ei oljeplattform på Ormen Lange-feltet, ei rift i havbotnen og fare for eit gigantisk undersjøisk skred trugar heile mat- og oljefatet vårt. Fleire tusen menneske må evakuerast, og ein oljekatastrofe av historisk storleik trugar. Og midt i kaoset det vesle mennesket, i dette tilfellet oljearbeidaren Stian (Henrik Bjelland), som er fanga nede i skaftet på Gullfaks A, som alle andre har måtta forlate i vill panikk.

Stian må ofrast, blir det bestemt på land. Men kjærasten hans, Sofia (godt spelt av Amanda-vinnar Kristine Kujath Thorp), godtek ikkje det. Ho set seg ut over alle reglar, får med seg ein kollega og ein hyperavansert undervassrobot og får systera til Stian til å fly dei ut til Gullfaks. Og etter stor dramatikk, der også ein freistnad på å redusere omfanget av miljøkatastrofen blir eit trugsmål, går det som vi har ant. Men ein ugift, barnlaus helt må ofrast, sjølvsagt.

Så blir dramaet runda av med ein heilt unødvendig klimabodskap for dei tungnæme.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis